1. mai bridge

 

Sidan eg meinar at ein skal bruke andre dagar enn 1. mai til å slå plenen, og sidan eg ikkje er tilhengar av å gå i tog, klarte eg å overtale ein stakkar til å spele med meg på Skodje. Resultatet var begredeleg, men walkover-runden vår var ganske morsom.

 

Eg stilte meg opp for å sjå på fire lokale heltar som møttes, og fekk sjå fylgjande meldingsforløp:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

1 NT

2 kløver

Pass

2 spar

X

Pass

Pass

Pass

 

 

 

 

2 kløver vart ikkje allertert, og før han dobla spurte nord om 2 kløver var naturleg. Jada, var svaret frå vest. Etter at alle hadde passa opplyste vest at han no følte seg heilt sikker på at 2 kløver var begge major…. Nord var ganske forvirra, men bestemte seg for å avstå frå å melde opp igjen. Han spelte ut spar ess, og når bordet dukka opp heldt alle på å le seg forderva:

 

Blakk i spar
E K D kn

4 3 2
E kn 8 7 6 5

 

Det blei ei sonebeit og alle var rimeleg fornøgde.

 

Neste spel var slik:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

 

2 spar (svake 2)

3 ruter, nei forresten 3 hjerter

3 spar

Pass

Pass

4 ruter

Pass

4 hjerter

Pass rundt

 

Over 2 spar meldte vest først 3 ruter, men han sa fort: - Nei forresten, og la ned 3 hjerter i staden. Motparten trudde naturlegvis at han hadde fått med eit meldekort for lite når han la ned meldinga, og spurte på kødd om dette betydde at han hadde 5-5 i rødt. Når han no meldte 4 ruter syntes alle det var rasande festleg. Dei tok feil, han hadde 6-5 i rødt. Slik var handa:

 

2
E D 10 8 5
E D kn 8 6 3
E

 

Seinare hadde eg eit stunt som truleg såg veldig mistenkeleg ut, men eg meinar eg blei leda ut i freisting av motparten. Vi hadde meldt og støtta spar og motparten var komt i ei eller anna kontrakt. Makker spelte ut eit kort. – Liten, spurte blindemann og la den single spar tieren som låg i bordet. Eg la spar konge og alle begynte å glo på meg. Særleg makker, for han hadde nemleg ikkje snudd utspelskortet enno…