Fem stikk og 1390 poeng i sving

Eg har gjort mange dumme ting ved bridgebordet, men det spørs om ikkje denne tek kaka, den er i allefall ein sterk kandidat til palleplass:

Eg sat aust med denne handa:

6 4 2
E 9
K D 10 8 2
10 9 8

Og meldingane gjekk slik:

Vest

Nord

Aust

Sør

 

1 kløver

1 ruter

1 hjerter

1 NT

Pass

Pass

X

2 ruter

2 NT

Pass

Pass

X

Pass rundt

 

 

 

Utspelet var ruter konge, bordet dukka opp slik:

E 10 9 5
kn 7 6 4 3 2
5
K 5

Makker la sjuaren og speleførar stakk med esset og spelte kløver til kongen og makker sitt ess. Makker spelte ruter fire tilbake til min åttar og så skal eg  finne eit tilbakespel som kan få makker inn ein gong til. Det burde ikkje vere noko overrasking at hjerter hadde vore rett. Då tek vi fire hjerterstikk, fire ruterstikk og eit kløverstikk for fire beit og 800 inn. Når eg i staden fant på at eg skulle spele spar, fekk speleførar fire kløverstikk, fire sparstikk og ruter ess og 590 inn.

Nord

Ingen

K D 8
5
E kn 9 6
D kn 7 6 2

 

Kn 7 3
K D 10 8

7 4 3
E 4 3

 

6 4 2
E 9
K D 10 8 2
10 9 8

 

E 10 9 5
kn 7 6 4 3 2
5
K 5

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Resten av kampen sat eg og tenkte på at eg ville legge opp som bridgespelar, og hvis eg hadde trudd på slikt, kunne nok dette spelet som var det siste i kampen, bli tatt som eit teikn på at det er på tide:

 

 

K 9 8 4 3
D 4 2
E 7 3

10 4

 

D 6 2
kn 10 3
kn 10 8 5
D 8 5

 

10 5

7
K D 9 6 4 2
E kn 9 2

 

E kn 7
E K 9 8 6 5
-
K 7 6 3

 

 

Juniorjentene som sat nord/sør meldte seg opp i 6 hjerter (speleførar hadde synt lang hjerter og tre kort spar) og fekk ruter ut til esset og avkast av ein kløver på handa. No spelte ho hjerter til esset og ein hjerter til dama og deretter kløver til kongen. Ein liten kløver gjekk til makker si dame, og ho fridde seg med sin siste trumf.

 

K 9 8 4 3
-
7 3

-

 

D 6 2
-
10 8 5
8

 

10 5

-
K D 9
E kn

 

E kn 7

9 8 6
-
7

 

 

Speleførar er låst inne på handa, og må spele spar ess og spar knekt, noko som var akkurat rette måten å behandle sparfargen på for å få heim slemmen.

Etterpå fant vi ut at einaste håpet om beit er at makker spelar kløver eller ruter tilbake inne på kløverdama, og lar speleførar få stelinga i bordet. I så fall tar ho vel  sparkappen på tilbakevegen? Eller kanskje ho luktar lunta? Det trur eg ikkje eg hadde tålt.