4-4-4-1

Advarsel: Nedanfor finn du mine tankar om meldingar. Eg har sjølvsagt rett, men du treng verken lese det eller bry deg om det J.

Litt ut på kvelden i går undra Eirik Trontveit på kven som hadde stokka desse korta...Det var ein del kort som skapte trøbbel, og spesielt eit par sterke 4-4-4-1 hender. Slike hender er noko herk, og det kan vere klokt å tenkje gjennom kva du skal gjenmelde før du kastar deg på første og beste opninga:

Denne for eksempel:

E K D 5
E K 8 7
7
K kn 10 7

20 poeng = 2 kløver, ikkje sant? Gløym det. Så fort makker svarar 2 ruter (eller 3 ruter), er du utmeldt. Alle fargemeldingar viser femkortsfarge, og ei grandhand har du heller ikkje. Hvis handa ser slik ut:

 

E D 5 3
E K 8 7
K
K kn 10 7

…kan det godt vere at beste opninga er 2 NT (20-21 NT).

 

Med den øverste handa må du opne med 1 kløver. No har du ingen problem i heile verden. Melder makker 1 NT, kan du vurdere å reversere med 2 hjerter, det er ikkje usannsynleg at 4 i major på 4-3 kan vere ei god kontrakt. Alternativet er 3 NT. De har maks. 30 poeng til saman og skal i allefall ikkje høgare i grand.

 

Melder makker 1 ruter, melder du 1 hjerter. Passer makker den, skifter du han ut.

 

Dersom makker melder 1 i major, hoppar du til 3 ruter som er minisplinter (2 ruter ville vore revers).

 

Og så kjem angsten…tenk om makker passar 1 kløver…. Sjansen for at det står noko særleg i korta hvis makker har mindre enn 6 poeng, er minimal. Truleg er 1 kløver ei heilt ok kontrakt mot ein blank makker.

 

Kva med denne?

 

D
kn 10 5 2
E K kn 10
E 5 3 2

Denne 15-poengeren er ei svært tvilsom 1 NT-opning. Bytt ut spardama med sparkongen, så kan det vere eit alternativ å opne i 1 NT. Byter du ut kløver 5 med kløver dame, slik at det blir 17 poeng på handa, ville eg ha opna med 1 kløver og reversert neste gong.