Dametrøbbel

 

Det er sjelden eg har dametrøbbel (eit av få problem som eg ikkje har), men andre helga i divisjonen var det ikkje måte på.

 

Nord
Alle

D 10 6 3 2
kn 5 2
D
E D kn 10

 

8 7 5 4
D 3
10 8 4 3
9 7 2

 

K kn 9
K 9 8 6 4
9 6 5 2
4

 

E
E 10 7
E K kn 7
K 8 6 5 3

 

 

Meldingane var enkle heilt til dei ikkje var det lenger:

Nord

Syd

1 spar

2 kløver

3 kløver

4 NT

5 ruter (eitt eller fire ess)

5 hjerter (har du trumf dama?)

6 kløver (nei)

Pass (ville melde 7 med dama)

 

Problemet var at med dama skal ein melde av sidekongar. Kva gjer ein uten sidekonge? Dette blei for vanskeleg for oss ein tidleg søndag morgon. (Svaret er å melde 5 NT).

I lys av dette er ikkje neste meldingsforløp så overraskande:

Vest
Alle

8 5 4
D 9 7
D
D kn 8 7 6 5

 

K 6 3 2
E 10 8 6 4
K 9 8 5
-

 

E D 7
K kn
E kn 10 6 4
9 3 2

 

Kn 10 9
5 3 2
7 3 2
E K 10 4

 

 

 

 

Vest

Aust

1 hjerter

2 ruter

4 kløver (maks ein kløver og ruterstøtte)

4 NT

5 hjerter (to ess utan dama)

5 spar

???

 

 

Kva er 5 spar? Spørsmål om sparfargen? Har vi plutseleg for lite essar og aust vil stoppe i 5NT? Sidan 4 kløver truleg ikkje er eintydig renons og vest si hand neppe er så god i grand, meldte vest 6 ruter som blei sluttkontrakta. Kva 5 spar var? Spørsmål om trumf dama. Kan du vere så snill og sjå etter ein gong til om du kan ha den? Kanskje den står blant hjerteren?