Uvær

Jørund Årdal tok fly frå Anda til Oslo laurdag morgon siste helga i 2. divisjon. Ferga Anda – Lote var innstilt pga sterk vind, men flyet gjekk. Det var så kraftig turbulens at papira i setelommene hoppa ut av dei relativt trange lommene.



Oops

Meldingsforløpet gjekk 1 ru – pass – 1 NT – pass – eviglang tenkepause og pass rundt. Brettet blei skubba over på andre sida og så lurte opnaren på om han kunne få melde igjen. Han hadde 21 poeng og hadde gått gjennom alle mulige slags meldingar før han hadde bestemt seg for 3 NT, men så hadde han gløymt å melde det. Han fekk ikkje melde igjen, og måtte spele 1 NT. Motspelarane sat og såg på eit bord med over tjue poeng og trudde plussen kom til å rase inn uansett, så motspelet var dårleg og det blei ni stikk. På andre bordet spelte dei 3 NT med 7.