Desse edb-maskinene

Ein sunnfjording som skal få vere anonym hadde ein noko uheldig variant i stikk fire i ei speleføring på BBO, og deretter blei han borte i fem minutt. Kommentar frå makkeren hans: - Han har sikkert drept datamaskina.

Same karen sat og spelte lagkamp på BBO ein søndag, men brått ropte kona og sa at middagen var ferdig. Han ringte makkeren sin og sa at han måtte gå, og deretter forlot han bordet ved ganske enkelt å reise seg frå stolen og gå sin veg. Berre så synd at desse edb-maskinene ikkje forstår slike enkle kommandoer :)

Åsbjørn Hegrenes:

Las historia om edb problem, og kom på ei sann historie frå min arbeidsplass.:
Ei dame hadde problem med pc-en, den hadde køyrt seg fast. Ho ringte til vår IT-avdeling for å få hjelp.
”Har du mange vindu oppe?” var spørsmålet frå dataeksperten.
”Nei, men døra står åpen, skal eg late ho att?” var svaret.