Det skulle berre mangle!

Det var jul, så det skulle berre mangle om det ikkje skjedde eit og anna positivt på bridgefronten også:

Makker opna med svake 2 i hjerter. Det syner ca. 8-10 poeng og sekskortsfarge. Ingen i sona, eg sat med denne handa og var IKKJE glad:

E K 9 8 7 5
-
D 10 8 7
D 10 5

Eg forventa dobling til høgre, og lurte på om eg skulle ta ut i 2 spar eller om eg skulle redoble eller om eg rett og slett skulle håpe på at makkeren til han som dobla ikkje hadde tre millioner hjerter og kanskje fant på å ta ut.

Min glede når motstander til høgre i staden meldte inn 2 spar kan knapt beskrivast! Eg forta meg å doble og deretter innkasserte vi fire beit og 800.

 

10 3
E kn 9 8 5 2
K kn 4 2
3

 

-
K 10 7 6 4 3
5
E 9 8 7 6 2

 

D kn 6 4 2
D
E 9 6 4
K kn 4

 

E K 9 8 7 5
-
D 10 8 7
D 10 5

 

Etterpå fekk eg kritikk av diverse andre spelarar (ikkje makker – han var også glad!) for doblinga - dei meinte øst burde tatt ut i 3 kløver når 2 spar blei dobla, så kunne eg sitje der med skjegget i postkassa. Er det nøye? Hadde det skjedd hadde eg berre tenkt at det føyer seg pent inn i rekka av nok ei uflakshistorie for meg :(