Enkelt

Du har fått utspelet mot 4 spar, og har ganske ekle kort:

K kn 5
D 5 
D 5
K kn 8 4 3 2

Motparten har berre meldt spar, og til slutt spelar du ut ein liten kløver. Bordet dukkar sjølvsagt opp med dama dobbel:

  D 9 3
10 9 8
K D 6 4 2
D 5
 
K kn 5
D 5 
10 5
K kn 8 4 3 2
   
     

Kløverdama står og speleførar spelar kløver til esset og endå ein kløver. Kva legg du? I 95% av tilfella spelar det ingen rolle, men speleførar veit du har kongen og du har ingenting å tape på å legge den (i tempo, vel og merke...). I dette spelet frå rundekampen mot Måløy la Geir Hoff kongen og speleførar prøvde å trumfe med trearen. Geir Hjelmeland hadde seksaren og kunne trumfe over. Det kan godt hende speleførar hadde gjort feil uansett sidan han neppe venta 6-2 sits i kløver, men sjansen for at han skal gjere rett blir i allefall ikkje større når kongen kjem på.