Er det kulden?

Det er ikkje noko rart at folk går litt bananas når det er så kaldt som det var i går!

Speleførar skulle behandle denne fargen:

  D kn 9 8 7  
 
 
 
  6 4 2  

Han spelte ein liten opp mot dame-knekt og blei sjølvsagt veldig fornøgd når kongen kom på til venstre og esset til høgre. Etter spelet beklaga han som la kongen seg over at det sat så ille at makker hadde esset singel. Makkeren lente seg fram og sa: - Eg hadde ikkje esset singel, men du skal ikkje legge kongen, så difor stakk eg med esset. Speleførar og blindemann var henrykte, motspelarane ikkje fullt så glade.

  K 6 5  
 
 
 
  E D 10  

Speleførar spelte ein liten spar til tiaren. Nei, ikkje for å skaffe inntak til handa, men for å unngå tapar i fargen!