Vas eller fakta?

 

Av og til er det ikkje enkelt å vite om Jens Sagevik vasar eller om det faktisk skjedde sånn som han sa. I ein røykepause på KM var han ein smule snurt over at makkeren hans ikkje hadde funne det beitande motspelet mot 4 spar i dette spelet. Ser du det med opne kort?

 

Spel 64
Vest/ØV

Kn 10

K 10 8 6 2
E 10
K D 6 5

 

E K D 7 5 4
E kn

K D kn
10 8

 

9 8 6
D 3
9 8 7 6 3
kn 9 4

 

3 2

9 7 5 4
5 4 2
E 7 3 2

 

 

Eg trudde han kom med ei analyse i etterpåklokskapens teikn, men det synte seg at han hadde spelt ut kløver konge og ny kløver til Arild sitt ess. Arild skulle no etter Jens sin plan spele hjerter slik at Jens kunne innkassere hjerterkongen når han kom inn på ruter ess. Frå Arild sitt synspunkt ser det heilt umogeleg ut at nokon av stikka deira skal forsvinne, så han fortsette med kløver. Dermed forsvant hjertertaparen på godspelt ruterfarge (inntak på spar ni).

 

No var det slik at øst-vest berre var i 2 spar og 10 stikk ga vinnarane 12 pluss på spelet. Hadde dei heldt kontrakta på 9 stikk hadde det blitt 19 poeng og delt topp.