Gjorde arbeidskollega heit


(Eg reknar med denne tittelen fører til voldsomt mange treff på google og dermed mange nye på bridgekurs).


Spelet er frå klubben og såg slik ut:



E 10 x
E x x x x
x x
kn x x


X x x x
kn x x
x x
K x x x


K x x
x x
E K x x x x
x x


D kn x
K D x
D x x
E D x x



Meldingane gjekk slik:


Vest

Nord

Øst

Syd


Pass

Pass

1 NT

Pass

2 ru *

X

2 hj

Pass

2 NT

Pass

3 NT


Arild Hoff sat i syd og valgte å melde 3 NT når makker inviterte. Han rekna med at i hjerterkontrakt ville det fort bli ei rutersteling i vest.


Utspelet var ein liten ruter som gjekk til syd si dame. Etter pass i opning og deretter doblinga av 2 ruter, er det truleg at vest har ruteren + ein av dei svarte kongane, men ikkje begge. Arild fant ei elegant løysing på problemet. Han tok dei fem hjerterstikka og stillinga var sånn:




E 10 x
-
x
kn x x


X x x

x
K x x


K x

E K x x
x


D kn x
-
x
E D x


No var det berre å spele kløver til esset og fri seg med sin siste ruter, så var Ivar Apelseth i øst innspelt og ganske heit i følge han sjølv. Han kunne ta fire ruterstikk, men måtte avslutte med spar frå kongen.


Kanskje kan innspelet unngåast hvis øst klarar å halde igjen ein ruter som er mindre enn vest sin, men vi har ikkje spelestensilar, så får ikkje sjekka.