Eg har forstått det slik at dei som ikkje spelar bridge syns det er trasig å hamne saman med ein gjeng av oss; fordi vi berre snakkar om bridge. Vel, eg har nyheiter til dykk:

I går sat eg på puben ved sidan av to bridgespelarar som diskuterte heftig i minst ti minutt kor mange strenger det skal vere på ei hesje.

__

Beskjed på BBO frå Ongedala (eller Angedalen, som vi andre kallar det):

-        Det skal vere 6 strenger på ei hes, ikkje noko å diskutere!