Kamuflasje
Av Arnt Ola Fidjestøl
 
 
E K 10 7 5 3
K 4
E 6 3
8 3
 
6 2
D kn 6 3 2
7 4
D 9 5 4
 
D kn
E 10 8 5
K D 5
K kn 7 2
 
9 8 4
9 7
kn 10 9 8 2
E 10 6
 
 
Nord hamna i 2 spar etter at øst har vore inne med ei opplysande dobling. 
Korleis få hjerterstikk med med 9,7 i bordet og K,4 på hand med esset på rygg når du må spele hjerterfargen sjølv?
 
Utspelet var ein spar til kongen og speleførar dukka straks ein ruter. Øst fortsette med spar som nord stakk, tok for ruter ess og spelte ny ruter til øst si dame. 
Øst fridde seg med ein kløver som gjekk til esset i bordet. Sjekk kor vanskeleg motspelet vert når speleførar kastar hjerter konge på ruter knekt. På ruter ti kasta han kløver åtte. 
Speleførar tok fire sparstikk og øst-vest skal finne ut kva dei skal hive…Eg satt vest og tenkte med meg sjølv at dersom speleførar no er ein luring så klarer aldri makker 
å gjennomskue det. Eg fekk rett, speleførar fekk siste stikk for hjerter 4. 11 stikk ga 61 % til nord-syd.