Kva opnar du med?

E K D kn 10 9 8 7 5
E K 9
-
D

Eg er ei enkel og lite kreativ sjel, og opnar sjølvsagt med 2 kl. Etterkvart gir eg sikkert opp og melder 6 sp.

Antix og Petter hadde betre idear.

Som Antix seier, hvis du kjem til å gje opp å finne ut om hjerter dama, kan du like godt opne i 4 NT og spørre etter spesifikke ess. Hvis makker har kløver ess må du velge mellom 6 og 7. Har han ingen ess blir det 5 eller 6.

Petter Haram ville opne i 2 NT og håpe at makker melder Puppet stayman. Då ville han svare 3 ruter (ein eller begge firekorts major). Makker har sjølvsagt hjerter og melder 3 spar. No kan du spørre etter ess med hjerter som trumf og få greie på om makker har hjerter dama! Spørsmålet er kva makker gjer når du legg kontrakta i 6 spar (som du veit står). Kjem han til å tru at du har misforstått 3 sparmeldinga hans, eller skjønner han at du har nikorts spar etter å ha opna i 2 NT og synt ein firekorts major...?

Hadde makker nokon interessante kort? Jepp:

2
D 6 5 2
K 10 7 5
kn 8 7 2

Hjerterfargen sat 3-3, så utan kløver ut står 7 spar.