Kva har makker?

Ingen i sona.

Du sit nord og her er korta dine:

10 6 4
K D 8 2
D 6 3
9 6 2



Vest

Nord (du)

Aust

Syd (makker)




1 ruter

1 spar

X

4 spar

4 NT

Pass

???




Kva trur du makker har?

Her er diskusjonen frå facebook.


    Jan Olav Røseng Vet vel ikke helt hva han har, men har ikke et meldeproblem heller. Enten er det minor, eller Blackwood med hjerter som trumf. 5 ruter dekker begge deler.

    Jonill Storøy Du har bestemt at de skal bruke 1430, så du har eit meldeproblem :)

    Jan Olav Røseng Da må det bli 5 kløver.......

    Geir Hoff Kan ikkje vere minor, då 5kl ville ha dekka det? Det må vere ei monsterhand med renons i spa og spm med hj som trumf. Om makker sitter med ei monstehand med ruter og tre små hj, kan jo det vere fantastisk å finne ut at hj k(og q) er på plass?

    Jonill Storøy Kva melder du Geir Hoff?

    Geir Hoff 5ruter-1ess(hjk)

    Jonill Storøy Sorry, de brukar 1430...

    Geir Hoff Då må dei bytte system!?

    Arnt Ola Fidjestøl hmm makker kan jo sette kontrakta sjøl her dersom han har hj.. kanskje usikker på hjkvalitet så smeiser til med 6hj.sjøl om d garantert sit surt

    Arild Hoff Eg melder 5 kl, slik at ikkje makker får tese om at eg kan ha eit ess. Ikkje på grunn av at eg trur dette er essespørsmål, men fordi 5 ruter då fortsatt er ledig. passer makker 5 kl, og denne blir dobla, tar eg ut i 5 ruter. Melder eg 5 ruter direkte, er eg redd makker legg på til seks.

    Arild Hoff Åja de brukte 1430...ser eg no. då blir det 5 ruter

    Geir Angedal 5 hj, må no ta med cue skal ein finne 7 ru....

    Arnt Ola Fidjestøl Men du har jo ess Arild Hoff dersom makker viser hjerter. Synest 4nt som esspørsmål er tvilsomme saker.

    Ragnvald Nordstrand 5kl går du videre Jonill

Ved bordet meldte også nord 5 kløver, og då gjekk det X – pass – pass. Eg spurte Jan Olav kva han ville ha gjort, og han ville tatt ut i 5 ruter.

Her er syd si hand:

-
E kn 7
E K kn 8 4 2
K D 7 5

Tanken var at sidan 5 kløver ville syne begge minor, ville 4 NT også syne ei viss interesse for hjerter. Makker kan jo ha femkorts hjerter hvis han har under ti poeng. Gode tips til ei betre melding enn 4 NT blir motteke med takk, enten på e-post jonill@hotmail.com eller her: https://www.facebook.com/groups/635851836440384/

(Og for dei som lurer, kløver esset sat rett, men utspelar har singel kløver, så 5 ruter burde vere toppkontrakta. Overraskande nok fekk ni bord i første og andre divisjon (totalt 48 bord) heim 6 ruter. Seks av dei var dobla.)