Aldri så gale at det ikkje er godt for noko

Dette spelet fekk tida til å gå frå Måløy til Lote på laurdag.

Anders Egil og Arve Henden meldte seg opp i 3 spar med vest som speleførar. Eg spelte ut ruter knekt og Arild la planer for eit kanonmotspel. Speleførar stakk med esset og som punkt 1 i planen la Arild ruter 8 - svakheit. Spar ess og ny spar og eg var inne. Eg gjekk ut frå at makker sin ruter 8 fort betydde at han var sugen på hjerterskift. Punkt 2 i planen er i boks. Arild tok for hjerter dame og hjerter ess og spelte ruter 2 tilbake (punkt 3). Litt forundra kom eg inn på ruter ni, og klaska ned ruter ti utan å tenke eit sekund. Dette var IKKJE punkt 4 i Arild sin plan! Han var no inne på ruter dame. Hvis han spelar tilbake ein kløver kjem eg inn på esset, og får endå ein sjanse til å gje han hjerterstelinga. Vi brukte over seks mil på å lure på kva som skjedde, men klarte ikkje å finne ut korleis speleførar kom inn på handa og fekk lagt ned spar dame.

Rundenr 10   ª KJ  
Spillnr 28(28)   © J862  
Giver: Vest   ¨ JT9  
Sone: Nord-Syd   § AQT4  
  ª Q97543   ª AT
  © T43   © K975
  ¨ 763   ¨ A54
  § 7   § KJ95
    ª 862  
    © AQ  
    ¨ KQ82  
    § 8632

Vi har fått eitt sparstikk, to hjerterstikk og to ruterstikk. Det ser ut som vi må få for kløver ess også, ikkje sant? Arve tok nokre æresrundar trumf, og sjå kva som skjer:

Rundenr 10   ª  
Spillnr 28(28)   © J8  
Giver: Vest   ¨  
Sone: Nord-Syd   § A  
  ª 5   ª
  © T   © K9
  ¨   ¨
  § 7   § K
    ª 8  
    ©  
    ¨ K  
    § 8

Med to kort igjen skal eg helst halde knekten dobbel i hjerter og kløver ess. Ikkje lett! Først snaut eg makker for hjerterstelinga etter at han hadde pønska ut eit flott motspel, og deretter blei eg skvisa for endå eit stikk. Flott altso! Men, Arve eller Anders Egil eller nokon som treff dei, korleis i alle dagar kom han inn på handa etter at eg hadde spelt den siste ruteren? jonill@hotmail.com

NS... ØV...   Kontrakt... .Sp. Stikk ....NS. ....ØV. ...NS. ...ØV.
[21] [16]   3 NT Ø 6 150 0 10.0 -10.0
[1] [20]   4 Hjerter V 8 100 0 8.0 -8.0
[2] [7]   2 Kløver N 8 90 0 6.0 -6.0
[6] [11]   3 Spar V 8 50 0 3.0 -3.0
[13] [8]   2 Hjerter Ø 7 50 0 3.0 -3.0
[15] [10]   3 Kløver N 8 0 100 -2.0 2.0
[3] [5]   2 NT N 7 0 100 -2.0 2.0
[9] [4]   3 Ruter S 8 0 100 -2.0 2.0
[12] [17]   2 Spar Ø 9 0 140 -6.0 6.0
[18] [22]   3 NT N 7 0 200 -9.0 9.0
[14] [19]   3 NT D N 8 0 200 -9.0 9.0

Både Ivar Apelseth, Sveinung Ørjansen og Per-Christian Gjerde meinar einaste løyinga er at Arild må ha spelt den 13. ruteren. Eg kan heller ikkje sjå noko anna løysing, men det er utruleg rart sidan han visste at eg ikkje hadde meir trumf (speleførar har synt sekskortsfarge, det skreiv eg visst ikkje). Truleg trudde han eg hadde ein plan med å spele ruter tilbake...