Lettare med presisjon?
I akkurat dette spelet meinar eg det var lettare å finne toppkontrakta med presisjon (men ikkje sei det til nokon!).
| Rundenr 10 | ª Q7653 | ||
| Spillnr 230(14) | © KT95 | ||
| Giver: Øst | ¨ AQT | ||
| Sone: Ingen | § J | ||
| ª 9 | ª JT4 | ||
| © 42 | © 83 | ||
| ¨ KJ8732 | ¨ 9654 | ||
| § Q743 | § K865 | ||
| ª AK82 | |||
| © AQJ76 | |||
| ¨ | |||
| § AT92 |
Dette spelet gjekk greit for Geirane, men ikkje så greit for meg.
Dei meldte slik:
| Nord (Geir Hj) | Syd (Geir Hoff) |
| 1 kl (16+) | |
| 1 spar (8+ og minst 5 spar) | 2 spar (spør om sparfargen) |
| 3 kløver (ein topphonnør femte) | 3 hjerter (spør om hjerterfargen) |
| 4 kløver (andrekontroll i hjerter) | 4 hjerter (har du singel hjerter eller kongen?) |
| 4 spar (kongen) | 5 kløver (spør om kløverfargen) |
| 5 spar (andrekontroll i kløver) | 7 spar (kan telje 13 stikk) |
(Eigentleg hoppa dei over spørsmålet om andrekontrollen i hjerter var singel eller kongen, men eg syns den bør vere med :))
Vi var godt på veg, men eg havarerte:
| Vest | Nord (Jonill) | Øst | Syd (P-C) |
| Pass | 1 hjerter | ||
| Pass | 3 kløver (minisplinter) | Pass | 3 ruter (cue) |
| X | XX (førstekontroll i ruter) | Pass | 5 ruter (spør om antall ess utanom ruteress) |
| Pass | 5 spar (eitt ess) | Pass | 5 NT (storesleminvitt/spør etter kongar) |
| Pass | 6 hjerter.... | Pass | Pass |
| Pass |
Eg klarte ikkje å sjå at mine fem gjenverande poeng (dama femte i spar og kongen fjerde i hjerter) skulle vere nok til storeslem. Arild meinar at eg bør vite at makker har ess, konge i spar, og då er sjølvsagt dama femte gode greier. Hadde eg tenkt på det burde eg ha sagt 7 hjerter.