Var ikkje dette litt slapt?

Meldingane går slik (ingen i sona):

Vest

Nord (du)

Øst

Syd

Pass

Pass

Pass

1 spar

Pass

1 NT

Pass

2 spar

Pass

???

 

 

6 5
E kn 7 2
E 10 8 7 3
9 5

Passar du?

Alle i Førde bridgeklubb gjorde det. Eg er ikkje så sikker på at det er rett? Makker har opna i 4. hand, så han må ha opning, eller hadde han vel ikkje gidda?
Du har to ess og ein dobbelton, er ikkje det nok til å løfte til 3 sp? Nokon som har synspunkt på dette? jonill@hotmail.com

Haldor Sunde

Eg hadde meldt 3 spar. To ess, ein mulig steleverdi og mulig stikkpotensial i ruterfargen. Alternativt er 3 ruter ei bra melding. I denne sekvensen bør det vere langfargeinvitt til 4 spar.

Per-Christian Gjerde

Eg er ikkje sikker på om eg hadde løfta.. Kor mykje er dobbeltonen verdt med kun dobbel spar..? Trur det skal mykje til før utgang står, hadde nok passa..