Dette må vi snakke om!

Km lag pågår, men pga mi eiga miserable speling anar eg ikkje korleis stillinga er i teten. Det eg veit er at vi har -2 og Hoffen akkurat middel. Apelsethlaget har heller ikkje gjort det noko bra, så det kan tyde på at Vasset, Sæterdal, Sogn og Måløy er meir fornøgde. Uansett, på siste kampen skjedde det noko på to bord som vi må få snakka om og ordna opp i ein gong for alle!

Meldingane går slik:

Vest Nord Øst (du) Syd
  1 kløver X Pass
2 hjerter Pass ???  

Dette er korta dine:

E D 3
E
D 10 4 2
K kn 8 7 5

To oppegåande spelarar sat i øst og passa ut 2 hj fordi dei hadde fått for seg at det var svakt.

DET ER DET IKKJE.

Skriv det ned på ein liten lapp ti gonger.

Takk.