Mange poeng
Berre Daniel og Edvard fekk heim 3 NT i dette spelet frå klubben 6. april.
| 7 |
E765 |
|
| S/Alle |
DJ63 |
|
DJ2 |
||
ET |
||
DJT832 |
|
|
K72 |
954 |
|
T8 |
E754 |
|
D3 |
K98765 |
|
K94 |
||
ET8 |
||
K963 |
||
J42 |
||
På sør si hand med spar ut er det ikkje mange problem i spelet: To sparstikk, tre hjerterstikk, tre ruterstikk og eitt i kløver blir ni. Eigentleg bør ein få ti stikk med spar ut. Medan det fortsatt er kommunikasjon mellom hendene er det berre å spele ein kløver til tiaren og sjå kva som skjer. I dette tilfellet ramlar kløver dama neste gong og to kløverstikk er i boks.
Dersom det kjem kløver ut, må ein vere litt meir nøyaktig. La oss seie kløver dama kjem ut. Det ser ut som lengda i kløver sit i øst, så då er det viktig å få vekk inntaket i øst medan du endå har kløverhold. Difor må ein spele ruter først. Dersom øst har hjerterkongen kan du ta tre hjerterstikk utan å sleppe han inn, og dersom vest har hjerterkonge har han ikkje fleire kløver å spele når han kjem inn.
Tre par let motparten spele 2 spar andre vegen, berre eitt av desse para fekk dobla kontrakta. Dei fekk 500 inn og nest-topp. Dersom syd passar i opning og vest opnar i svake to i spar, vil eg påstå at både nord og syd har kort til å doble. Mot ei multiopning bør det vere endå enklare, vest opnar i 2 ruter, nord passar, øst melder 2 spar, pass i syd og vest og nord doblar opplysande.