Du sit i andrehand og det blir opna med multi før deg. Kva melder du med denne handa? Ingen i sona.

E 10 6
K D 7 6
10
K 9 6 5 2

Her er dei svara eg har fått:

Oddmund Midtbø:

Pass ti dagar i veka, skjønar ikkje problemet. Skulle eg rota meg inn med 3 kløver eller dbl?

Lisbeth Glærum:

Pass

Arild Hoff:

Pass

Og eg ville ha passa...

Men vi tek truleg feil alle saman? Boye Brogeland og Ole Kopstad passa ikkje. Begge dobla på direkten. Eg trudde det var spelet til Brogeland eg hadde lagra, men det er borte vekk. Dei hamna i allefall fredeleg i 3 NT på hans hand og makkeren hans passa glad og fornøgd ned med stålhanda i syd.