Molefonken

Som tidlegare nemnt får ikkje Arild røre bridgematen når vi spelar. Det endar berre med at eg brukar halve livet mitt på å jage tevlingsleiarar som kan rette opp feil. EIN gong i mix par fekk han lov å taste OK på eit spel fordi eg hadde primærbehov som måtte dekkast (do & røyk). Dette var eit skikkeleg gladspel der vi fekk 11 stikk i ei ruterkontrakt der det aldri skal vere meir enn ni. Etter neste runde kom eg tilbake (primærbehova måtte dekkast eitt og eitt, var sjeldan tid til to ting mellom rundane) og Arild sto midt på golvet og glodde molefonkent på slippen der det sto at vi hadde fått 291 minus. Han syns det var skikkeleg trasig med så mykje minus, men såg ikkje at det spelet han hadde godkjent var tasta inn feil veg...