Ny dille for dubleringsmaskina

Eg trur ikkje dubleringsmaskina til Florø unnar folk noko nattesøvn... I siste runden på tysdag delte ho ut åttekortsfargar i to spel på rad:

26 S ET9862
Ø/Alle   H D
  R ET5
  K EK8
S KJ73   S 54
H 8 H J94
R KDJ62 R 974
K 753 K DJT92
  S D
  H EKT76532
  R 83
  K 64

Eg må innrømme at eg syns scorane på spelet er ganske begredelige (men det er sjølvsagt ein fordel at vi ikkje fekk prøven):

Kontrakt  Stikk  Score Poeng
NS  ØV  NS  ØV 
6HJ S 12   1430    -5 
6HJ S 12   1430    -5 
4HJ S 12   680   
4HJ S 12   680   
4HJ S 12   680   
6HJ S 11     100  -4 
6NT N 8     400  -6 

Eg meinar det må vere nokså opplagt å opne i 4 hjerter på syd si hand. Med berre toppstikk prøver nord blackwood og får greie på at syd har ess, konge i hjerter og då skulle ikkje resten vere så vanskeleg. Om han skulle finne på å melde 7 hjerter, så burde det også ordne seg. Det kjem sikkert ruter ut til esset. Du tek for spar ess og spelar spar til steling. Hjerter til dama og spar til steling. Kløver til kongen og spar til steling. Ut med trumfen og inn i bordet på kløver ess for å kaste rutertaparen på den godspelte sparen.

Neste spel såg slik ut:

27 S 
S/Ingen   H J87642
  R EJT52
  K KT
S DT987543   S EJ62
H 5 H ET9
R D7 R 9
K D9 K J6432
  S K
  H KD3
  R K8643
  K E875

Øst-vest har ti stikk i spar, nord-syd har 11 stikk i ruter og 12 i hjerter. Slikt blir det sjølvsagt mykje rart ut av:

Kontrakt  Stikk  Score Poeng
NS  ØV  NS  ØV 
6HJ D N 12   1210    -5 
6HJ D N 12   1210    -5 
5RU S 11   400    -1 
5RU S 11   400    -1 
5SP D V 10   100    -3 
5SP D V 10   100    -3 
5SP V 10   50    -6 

I ein perfekt verden burde scorane vore 300 til nord-syd. Nord-syd finn hjerterslemmen og øst-vest tek den billige stampen. Verden er ikkje mykje perfekt, dessverre :)