Palefiskar med teft

I følge makker Jarle T. er ikkje slike spel vanskelege for ein gammal palefisker med god teft. No trur eg ikkje Ludvig har fiska så mykje pale, men teften er det ikkje noko i vegen med:

16 S E85
V/ØV   H 
  R KJT865
  K ET94
S K62   S J93
H K9653 H DJ82
R 7 R D94
K DJ87 K K63
  S DT74
  H ET74
  R E32
  K 52

Mykje var gjort når dei hamna i 3 NT på syd si hand etter at syd hadde meldt hjerter og nord hadde vist minst 6-4 i minor. Øst-vest meldte berre pass. Utspelet var ein liten spar som gjekk til knekten og dama. I stikk to spelte Ludvig ruter til kongen og deretter ruter knekt som fekk segle rundt! 10 stikk ga sjølvsagt alle poenga.