Second negative

Etter 2 kløveropning brukar dei fleste 2 ruter som avslag (0-5 ubalanserte, eller 0-7 balanserte sånn cirka).

Det er sjølvsagt stor forskjell på 0 og 5 poeng, og difor er det fornuftig å ha ei melding som syner at det verkeleg står dårleg til, dvs. 0-3 poeng. Denne meldinga er 3 kløver, og kan berre brukast når 2 kløveropnaren gjenmelder 2 hjerter eller 2 spar.

Dvs.

2 kløver (20+) 2 ruter (0-5)
2 hjerter (5+ hjerter) 3 kløver (0-3)
 
2 kløver 2 ruter (0-5)
2 hjerter 3 ruter (4+ poeng og minst 4 ruter)
 
Dette medfører at du aldri kan passe som svarhand i dette meldingsforløpet:
   
2 kløver 2 ruter (0-5)
2 hjerter/spar  

Du må melde 3 kløver sjølv om du ikkje har eit einaste poeng. Neste melding frå makker kan du passe dersom han ikkje hoppar. Hugs at makker kan ha 40 poeng...

Dersom makker melder ein farge som du har støtte i må du telje fordelingspoeng før du bestemmer deg for om du skal melde 3 kløver. Makker opnar i 2 kløver, du seier 2 ruter og makker melder 2 hjerter. Med slike kort melder du 3 kløver:

5 4 3
kn 2
kn 10 5 4
kn 10 5 4

Men med desse korta, må du melde 4 hjerter:

5
kn 7 6 5 4
kn 7 6 5 4
kn 2

Med fordelingspoeng har du 5 poeng.

Berre for ordens skuld:

2 kløver 2 ruter (0-5)
2 NT  

No blir 3 kløver stayman (eller puppet stayman eller baron) som vanleg. Forskjellen på gjenmelding 2 hj/2 sp og 2 NT er at 2 NT syner eit definert grandintervall, slik at svarhanda kan vurdere kor høgt ein skal. 2 hj/2 sp er nærmast ubegrensa.

Vi har normalt ikkje noko second negative etter at 2 kløveropnaren har gjenmeldt 3 i minor. Grunnen til det er at dei fleste har kanonsterke kort når dei vel å opne med halles med ei hand med minor. Dei fleste opnar med 1 i minor med opp til eit par-og-tjue poeng. Med andre ord, hvis makker opnar med 2 kløver, du melder 2 ruter og han gjenmelder 3 i minor er du nødt til å melde eitkvart.

Leif Kvamsdal:

Det er viktig med nøyaktige avtalar, så får grad av kor avanserte dei skal vera variera frå par til par. Eg spelar slik du skisserer men i tillegg:

1. Hopp til 4 i opnar sin majorfarge benektar 1. eller 2. kontroll (også i trumf).

2. Viser alltid singelton når ikkje bruker "second negative". Melder derfor 3 spar der du i ditt eksempel hopper til 4 hjerter. Vising av singelton benektar ikkje ekte 1. eller 2. kontroll i tillegg.

3. Løft til 3 hj/sp lovar (minst) ein ekte kontroll. Benektar kortfarge.

Kankje nokon synes dette er så fornuftig at dei vil spele slik?