Sjølvkritikk
Av Arnt Ola Fidjestøl

Er det noko eg mislikar så er det når makker snakkar i telefon medan han spelar. Denne gongen var han ukonsentrert på spelet etter
også. Dette fordi det var tydelegvis ein viktig samtale.
 
Likefullt var eg irritert lenge etter, og fann det opportunt å sarkastisk påpeike beviset på at det å snakke i telefon ikkje er
gunstig. Det gjeld spel 46 i Gildeturneringa. Makker var einaste som fekk 8 stikk i hjerterkontrakt - nesten alle andre fekk 9..
ein fekk 10. Kosta oss 14 poeng det makker, sa eg då eg hadde saumfart spelestensilen dagen etter.

Rundenr 16   ª K83  
Spillnr 46(14)   © 7643  
Giver: Øst   ¨ T8  
Sone: Ingen   § 9872  
  ª Q62   ª JT9754
  © 98   © JT
  ¨ AK7532   ¨ QJ
  § T6   § KQ5
    ª A  
    © AKQ52  
    ¨ 964  
    § AJ43  

Motspelet var imidlertid:
 
To ganger ruter til overstikking og ny ruter. Oppsen trumfer og vrir liten kløver. 8 stikk og case closed i min verden. Beklager
til makker og ros til oppsen (Lars Ove Nygård og Tor Johnny Agledal). Iallefall hadde ikkje eg klart å legge kløverknekten der.
 
Eg tar sjølkritikk for å dra forhasta konklusjonar, men framleis meiner eg mobiltlf e ein uting i bridge.