Innspelsskvis

Arild fekk dreisen på dette spelet på tysdag. Kontrakta var 4 hjerter og øst spelte ut sin single spar.

Vest følte seg ikkje heilt sikker på at det var makker som hadde singel, og fridde seg med ein hjerter.
(Eg gløymde å spørre kva kort Arild la på spar knekt. Her er det eit stort poeng å legge spar 7. Då ser det fort ut for vest som øst har spelt ut frå 5 3...)

12 S 73
V/NS   H EKJ85
  R EDJ5
  K DT
S EDJT984 S 5
H 7 H T962
R T72 R 943
K K5 K J8643
  S K62
  H D43
  R K86
  K E972

Etter fire gonger trumf og fire gonger ruter såg det slik ut:

12 S 7
V/NS   H E
  R 
  K DT
S ED S 
H  H 
R  R 
K K5 K J864
  S K6
  H 
  R 
  K E9

På hjerter ess kasta bordet spar 6 og vest måtte kvitte seg med spar dame. Ein spar til kongen og esset, og vest måtte avslutte frå kløver konge.