Spillet som øydela det meste i Bergen!
Av Geir Hoff

 

Du sit i sona og ser at makker opnar med 1 NT (13-15). Du ser ned på følgjande hand:

 

K Kn xx

E xx

K x

E K xx

 

Eg spurde med to kløver og fekk svaret 2 sp. Herifrå og ut gjekk det på ”autopilot”. Eg spurde etter ess og fekk svaret 5 sp som lova to ess og spar dame, og avslutta det heile med 6 spar.

 

Etter ei spilleføring som tok med seg dei fleste variantar enda kontrakta med ei beit L

 

Korta var:

 

 

E D x x
D x x
E kn x
x x x

 

x x
x x x
D x x x
D kn x x

 

x x x
K kn 10 x
x x x x
x x

 

K kn x x
E x x
K x
E K x x

 

 

Som ein ser skal ein spille godt for å få 11 stikk! Motparten (Jon Sveindal) melde ikkje 6 og kunne notere 650 + 100 noko som skulle utgjere 13 imp.

 

I etterpåklokskap har eg kome fram til at når eg først hadde meldt så alt for fort, kunne eg tatt meg en pause når makker melder 5 sp. Han har vist 10 hp med to essar og sp dame noko som gjer til at der er lite poeng som dekkjar opp dei andre fargane! Kunne ha vurdert pass her!!?? Kontrakta er kanskje endå betre å melde om du berre får to ess utan trumf dame? Det vil jo gi minst 5 hp til å dekke opp dei resterande fargane. Om eg ikkje hadde meldt denne ville vi vunne med 1 imp!