Trege sunnfjordingar

 

Eg er ganske vant til at sunnfjordingane ikkje er så raske i avtrekkeren, så det skal litt til å overraske meg. For eksempel syns eg ikkje det var så merkeleg at Geir og Øystein brukte tre veker på å bestemme seg for om dei skulle til Storefjell. Dei bestemte seg for å reise seint torsdag kveld, og det er ikkje ille når turneringa skulle begynne midt på dagen på laurdag…

 

Men på ferga mellom Manheller og Fodnes på veg dit blei eg faktisk ganske forundra når Geir spurte meg om EG hadde bestilt hotellrom på Storefjell. Tenk, det hadde eg. Det verkar litt mystisk å reise til eit hotell langt ute i huttaheita utan ein plass å bu. Geir fant no fram telefonnummeret dit etter kvart og det var sjølvsagt han som kunne le høgast til slutt. Eg fekk eit bøttekott i annekset og han fekk eit flott rom rett ved spelelokalet til same pris… Fankern!

 

Del 2

For ei stund sidan etterlyste eg resultat fro NM poker i Gøteborg. Eg visste det skulle vere spelarar frå Førde bk med, men eg høyrde aldri noko om korleis det gjekk. På fredag tok eg mot til meg og spurte han eine korleis det hadde gått. Han såg ned i bordet og mumla: - Vi fekk ikkje vere med, var for seine med å melde oss på….