Verdens dårlegaste start?

Slik starta det i Hafslo:

E D 10 7 6
10 9 2
kn 10 6
10 3

Vest    Nord Øst      Syd (eg)
    2 ru (multi) Pass
2 hjerter Pass Pass 2 spar
4 hjerter 4 spar Pass (laaang tenkepause) Pass
5 hjerter Pass Pass X
Pass Pass Pass  

Eg skulle kanskje ikkje balansert? Eg skulle heilt sikkert tilkalt tevlingsleiar når vest meldte etter øst sin grukk og eg skulle sikkert ikkje dobla?

Her er spelet:

  K 5 4 3
6
E K D 7 4 2
9 7
 
-
D kn 7
9 8 5 3
E K D kn 6 2
  kn 9 8 2
E K 8 5 4 3
-
8 5 4
  E D 10 7 6
10 9 2
kn 10 6
10 3
 

Eit par spelarar hadde klart å rote seg ned på 12 stikk, men ikkje ein gong det skjedde mot oss. Berre eit par i salen hadde meldt slem, så det blei lite strøpoeng på 850 ut.

Og så ei lita moralpreike: Dersom du kunne funne på å meldt slik som øst eller vest i dette meldingsforløpet, eller syns det finst snev av fornuft i handlingane deira: Slutt å bruke multi straks! Dette er fullstendig radbrekking av konvensjonen, og sjølv om lynet slår ned i dritaren kvart hundre år, så garanterer eg at det blir fleire minuspoeng enn plusspoeng i det lange løp.