7 NT

Av Helge Sæterdal

 

Først og fremst vil eg skryte av makker. Det var utruleg kjekt å spele med Toril, og eg trur ho knapt gjorde feil under heile turneringa medan eg hadde nokre spel som eg kunne spelt betre.

 

Så til det siste spelet som vi melde 7 NT på heilt kontrollert.

 

Syd
Ø/V

7 6 3 2
9 8
8 7 4
K kn 8 5

 

E 8 5
D 7 2
9 5 2
E D 4 3

 

K D kn 9 4
E K kn 6 5 4
E 3

-

 

10
10 3
K D kn 10 6
10 9 7 6 2

 

 

 

Toril (vest)

Helge (øst)

1 kløver

1 hjerter

1 NT

3 spar (gode kort)

4 hjerter

4 NT

5 spar

7 NT

 

Etter 4 hjerter såg eg at det no stod på kva nøkkelkort Toril hadde, og spurte med 4 NT. 5 sp synte at ho hadde spar ess, kløver ess og hjerter dame, og då var ikkje vegen lang til 7 nt. Det einaste som kunne true den kontrakta var 10-en femte i spar, og det var ikkje svært sannsynleg.  Eg veit at vi minst har 7 spar tilsaman etter Toril si 1 nt melding.

 

....

Berre eit par utanom krinsmeistrane klarte å melde 7 NT på dette spelet. Det andre paret var Jorunn Tennefoss og Steinar Grøneng.

.....

 

Kommentar frå Synnøve Balevik:

 

Det var ikkje alle som fekk melde i fred. Etter at underteikna hadde opna i 1 ruter (presisjon) og makker hadde svart 1 spar, hoppa Sjur A.Bøe inn med 4 NT. Underteikna passa, og Randi Nyheim melde 5 kløver. Ikkje så godt å kome i 7 grand då? Vi kom i 6 hjerter, trass denne innmeldinga.