Stikk ein løyser alt

Nokon spel går til h.... i stikk ein og nokon løyser seg i stikk ein. Dette er eit eksempel på det siste. Du har:

K kn 9 6 5
D 6 5
K 7 5 4
4

Du sit øst (alle i sona), og meldingane går slik:

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

Pass

1 kløver

Pass

1 hjerter

1 spar

4 hjerter

4 spar

5 hjerter

Pass

6 hjerter

Pass

Pass

Pass

 

På Ivar og Åsbjørn sitt bord gjekk meldingane slik:

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

2 sp (5+4)

X

3 sp

4 hjerter

Pass

6 hjerter

Pass

Pass

Pass

 

Kva spelar du ut?

Dersom du vel den lille kløveren er alle sorgene til speleførar over (forøvrig ingen kritikk av utspelet, motparten ser ikkje ut til å ha FULL kontroll, akkurat :)) Slik var spelet:

 

10 7
K kn 9 8 4 3
9
D 10 9 8

 

D 8 4 3 2
-
D 10 6 3
kn 5 3 2

 

K kn 9 6 5
D 6 5
K 7 5 4
4

 

E
E 10 7 2
E kn 8 2
E K 7 6

 

Speleførar har to problem i dette spelet; kløverfargen og hjerteren. Begge fargane kan gje tapar dersom ein bommar. Med singel kløver ut er kløverfargen ordna på direkten. I tillegg skjønnar nok speleførar at det er spelt ut ein singelton, og kven gjer det utan trumf? Ned med hjerterkonge og 13 stikk. Heilt på sjølvstyr er det faktisk mogleg å gå beit i 6 hjerter. (Eg har fiksa litt på korta i høve til korleis dei verkeleg var, hvis nokon sjekkar slikt).

Her er eitt døme til (frå Førdeturneringa), ikkje så opplagt og eg trur ikkje det funkar mot dårleg motstand:

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

Pass

1 hjerter

Pass

3 ruter (minispl.)

Pass

3 spar (cue)

Pass

4 hjerter

Pass

Pass

Pass

 

 

 

Utspelet var ein liten ruter, og her er korta speleførar såg:

 

7 6 5 2
E 10 9 7 6
7
D 7 5

 

 

 

 

 

E K 4
K kn 5 4 2
E K 2
kn 2

 

Speleførar tenkte slik: Kvifor spelar vest som er ein god spelar ut ein ruter. Han veit at dei maks kan ordne seg eitt stikk i den fargen. Han veit også at vi har minst ni trumf, så nokon trumfmatt ser ut til å vere langt fram. Han veit at den sterke handa er i syd, og sidan han ikkje spelar ut ein av dei svarte fargane ser det ut som han har honnørar i begge og er redd for å gje vekk stikk (han har neppe D kn i spar eller E K i kløver, for då prøver han ein av dei). Kvifor spelar han ikkje trumf? Jo, fordi han er redd for å gje vekk stikk i den fargen også. Altså hjerter konge i stikk to. (Det kan sjølvsagt vere endå ein grunn til at han ikkje spelar trumf: At han er renons, men kanskje han ville ha vore meir aggressiv når han spelte ut hvis han trudde makker kunne ha trumfstikk?)

Slik var korta:

 

7 6 5 2
E 10 9 7 6
7
D 7 5

 

kn 8 3
D 8 3
D 10 4 3
E 6 4

 

D 10 9
-
kn 9 8 6 5
K 10 9 8 3

 

E K 4
K kn 5 4 2
E K 2
kn 2