Årsmelding 2006 Førde BK

 

Styret har i årsmøteperioden vore samansett slik;

Leiar                                                               Jan Gjertsen

Kasserar                                                         Øystein Vasset

Sekretær                                                         Torveig Botnen

Styremedlem                                                    Egil Hagen               

Det har vore 4 styremøte i året, og  noko er ordna pr. telefon.  8 saker er handsama.

Klubben hadde pr 31.12.06     60 medlemer;   52    A-medlemer
                                                                     
   3    Juniormedlemer
                                                                         5    Kursmedlemer

Spelekveldar

Basisaktiviteten er spelekveldane i Peisestova i Førdehuset.

Periode

Tal spelekveldar

Bord i snitt pr kveld

Våren               03.01 – 25.04

16 (16)

6,7 (9,1)

Sommaren        02.05 – 29.08

17 (17)

5,1 (7,0)

Hausten            05.09 – 19.12

16 (16)

7,0 (6,9)

Året under eitt

49 (49)

                6,2 (7,6)

 

 

 

Eit snitt på 6,2 bord (7,6 i 2005) og 49 spelekveldar (49) er ein nedgang frå førre år.

Nedgangen var særleg markert vinter, vår og sommar, men med noko auke på haustspelinga. 60 personar (72) fekk klubbpoeng i 2006.  På sommarspelinga var det krinspoeng i bonus i tillegg til klubbpoeng. 26 personar (28) fekk til saman 40 krinspoeng (86).

Andre arrangement

Klubbmeisterskap/årsmøte/årsfest vart halde på Førde Hotell 4. mars 06. Det deltok 19 par i klubbmeisterskapen. Etter årsmøtet vart den formelle delen avslutta med middag og premieutdeling samt utdeling av nåler for oppnådde meisterpoeng. Også dette eit vellukka arrangement.

Heimeside

Heimesida er ei viktig informasjonskjelde for medlemane. Resultat og spelestensilar vert som regel lagt ut same kveld og oppdateringa elles er svært god med mykje informasjon.
Som før har Jonill Storøy gjort ein framifrå god jobb med utforming og oppdatering av heimesida.

Dugnad

Sommaren 06 gjorde klubben sine medlemer god innsats med vakthald på 2 arrangement som Fjordane musikkforum arrangerte. Her tente klubben kr. 10000,-. Dette er tenkt brukt til innkjøp av Bridge Mate og anna nødvendig utstyr. Etter drøfting med Måløy BK og Krinsen har vi utsett innkjøp av dette inntil vidare, slik at ein kan kjøpe inn nok utstyr til å dekke turneringane i Krinsen.  Dette må det nye styret arbeide vidare med.

Økonomi

Klubben har rimeleg god økonomi. Resultatrekneskapen vert oppgjort med eit overskot på
Kr. 3.322,44
. Dette er etter avsetning av kr 10.000,-  til investering i nytt utstyr og kr 5.000,-til rekrutteringstiltak. Klubben mottok gåve på kr 1000,- frå Sparebanken Sogn og Fjordane. Klubben mottok kr 9.285,- frå NBF.  Dette er Førde BK sin del av midlar NBF har fått tildelt frå Frifond som følgje av juniormedlemer. Styret har inngått avtale om dublering av kort til klubbkveldar og eigne turneringar. Vi har og noko dublering til andre klubbar.

Turneringar

Klubben arrangerte som tidlegare 3 turneringar; Påskebridgen i Angedalen, Førde-turneringa i september og Gildeturneringa i romjula. I tillegg singelturnering i mai.

Deltakarar (2005 tal i parantes):

Påsketurneringa                       33 par (35).
Førdeturneringa                       31 par (30).
Juleturneringa                           35 par (33).
Singelturneringa                       28 deltakarar. (36)

Rekruttering 

Hausten 2006 vart det arrangert bridgekurs med 5 deltakarar. Dette var skuffande lite, men 40 % av desse har teke til å spele fast i klubben. Dessutan har 2 ungdommar delteke på bridgekurs på BBO. Desse spelar også fast i klubben. Dette er vi svært glade for, og vi må ta godt vare på desse nye.

I haust hadde vi og eit forsøk med repetisjonskurs for dei som har spelt ei stund, for å prøve å få  dei til å delta på klubbkveldane. Det var varierande oppmøte, så det vart vel ikkje nokon stor suksess.  Totalkostnaden med desse kursa var kr 7.000,- som er utgiftsført i rekneskapen.

Dessutan har Torveig brukt mykje tid på å sende SMS til dei som ikkje møter så ofte på klubbkveldane, for å prøve å motivere dei å møte opp.

På årsmøte i fjor hadde vi ein diskusjon om rekruttering, mellom anna skulle dei ”gode” spele med dei nye. Leiaren må berre beklage at dette ikkje har vorte fylgt opp. Noko av grunnen til dette er at leiaren nesten ikkje har vore på klubbkveldane i haust, og den relativt låge deltakinga på klubbkveldane i første halvdel av 2006. Dette er noko som det nye styret får arbeide vidare med.

Sportsleg utvikling

2006 var nok eit godt år for Førde BK.

Det er god breidde i toppen.  4 spelarar fekk KM-tittel i 2006

Følgjande spelarar har fått nåler for meisterpoeng i 2006: 

Kløvernål                               Ivar Apelseth  
Ruternål                                 Kenneth Lothe
Ruternål m/krans                  Torill Anita Espe
Hjarternål                              Sjur Wie
Sparnål m/krans                    Egil Hagen
Grandnål                                Helge Sæterdal                                                                                  

Styret gratulerer!

Fleire spelarar i klubben har oppnådd gode plasseringar både i og utanfor fylket. Styret gratulerar !!!

NM-KLUBBLAG .

Lag Hoff                                6. runde. Der vart det tap mot Narvik. Bra innsats.
                                              
Arild og Geir Hoff, Jens Sagevik, Geir Hjelmeland

KM-lag finale.          

Nr. 2.  Jonill Storøy, Lisbeth Yri, saman med Jørund Årdal og Paul Henning Loen
Nr. 3.  Arild Hoff, Jens Sagevik, Geir Hjelmeland og Ivar Lunde

KM-par finale.

Nr. 1. og krinsmeister.          Arild Hoff – Jens Sagevik
Nr. 6                                       Jonill Storøy – Per Chr. Gjerde

KM-mix

Nr. 1 og krinsmeister            Torill Anita Espe – Helge Sæterdal

NM-par finale.

Nr. 64.                                     Arild Hoff – Jens Sagevik

NM Monrad.

Nr.  6.                                     Ludvig Langedal – m makker
Nr. 16.                                    Jarle T. Årdal – Helge Sæterdal
  

NM – Mix Lag            

Nr. 8.                                      Jonill Storøy – Arild Hoff. ++

NM-damer                           

Nr. 8.                                      Jonill Storøy – Randi Nyheim

SM      3. div  

Nr. 1.  SF 3. Helge Sæterdal, Jarle T. Årdal, Ludvig Langedal og Leif Kvamsdal. Opprykk til 2. div.

Nr. 2.  SF 1. Nils Jakob Juklestad, Morten Søreide og Jan Gjertsen.

Nr. 3.  SF 4. Arild og Geir Hoff, Jens Sagevik og Geir Hjelmeland.

 

SM      4. div.

Nr. 1.  SF 15. Øystein Vasset – Rolf Helge Myren, ++  Opprykk til 3. div.

SM      2.div damer               

Nr. 2.                                      Midt-Trøndelag 1. Her spelte Jonill Storøy. Kvalifisert for 1. div.


Resultat frå Førde BK sine turneringar

Klubbmeisterskap

Nr. 1 og Klubbmeister          Egil Hagen – Per Chr. Gjerde

Nr. 2                                       Arild Hoff – Jens Sagevik

Nr. 3                                       Kenneth Lothe – Terje Førde

 
Påsketurnering Angedalen
 
Nr. 1                                      Arnar Kvernevik – Leif Heggheim
Nr. 2                                      Egil Hagen – Per Chr. Gjerde
Nr. 3                                      Torill Anita Espe – Sjur Wie 

 

Førdeturneringa

Nr. 1                                       Jonill Storøy – Arild Hoff
Nr. 2                                       Jørund Årdal – Kenneth Skov     
Nr. 3                                       Ivar Apelseth – Kenneth Lothe


Juleturneringa

Nr. 1                                      Arve Gravdal – Leif Arild Lothe
Nr. 2                                      Sven Olai Høyland – Svein Høyland
Nr. 3                                      Kenneth Skov – Paul Henning Loen

 

Ferskingen – januar 06

Nr. 1                                       Eirik Trontveit – Geir Hoff
Nr. 2                                       Skjalg Hjelmeland – Geir Hjelmeland
Nr. 3                                       Hilde Skaaheim – Geir Angedal
Nr. 4                                       Bente Strømsøy – Svein Høyland
Nr. 5                                       Terje Engevik – Jarle Ness
Nr. 6                                       Torveig Botnen – Asbjørn Nordgulen

 

Klubbpoeng gjennom året

 

Nr. 1                                       Per Christian Gjerde            524                               

Nr. 2                                       Geir Hjelmeland                    515

Nr. 3                                       Øystein Vasset                      471

 

Singelturneringa

 

Nr. 1                                       Geir Hjelmeland

Nr. 2                                       Åsbjørn Hegrenes

Nr. 3                                       Jens Sagevik

 

 

ANDRE RESULTAT

Jubileumsturneringa  krinsen 60 år.

Nr. 4                                       Jonill Storøy – Morten Doksæter

Ulsteinvik

Nr. 4                                       Jarle Ness – Arnt Ola Fidjestøl

Norevikturneringa

Nr. 1                                       Geir Hjelmeland – Ivar Lunde

Nr. 2                                       Jonill Storøy – Paul Henning Loen

Nr. 3                                       Rolf Myren – Øystein Vasset

Høyangerturneringa

Nr. 1                                       Geir Hjelmeland – Geir Hoff                                              

Lærum cup

Nr. 5                                       Geir Hjelmeland –Paul Henning Loen