Årsmøteprotokoll 2010
Førde Bridgeklubb
Dato: 26.02.10 kl. 15.00
Stad: Førde Hotell
Antall møtte: 23 medlemmar
SAK 1: Godkjenning av innkalling
Innkallinga blei godkjent slik den låg føre.
SAK 2: Val av møteleiar
Ivar Apelseth blei valt som møteleiar for årsmøte
SAK 3: Val av referent
Terje Førde blei valt som referent frå årsmøte
SAK 4: Val av to personar til å signere årsmøteprotokollen
Artur Hoff og Rune Sande blei valt som representantar frå Førde BK til å signere årsmøteprotokollen
SAK 5: Årsmelding
Årsmeldinga blei godkjend med desse merknadane:
I bridgeåret 2010 har Førde BK ikkje dublert kort til andre klubbar i Krinsen
Toril Anita Espe fekk hjartenål i 2008, og skal ikkje stå oppført som mottakar av hjartenål i årsmeldinga for 2010.
Styret må skrive ned kven som får nåler for oppnådde meisterpoeng for kvart år. Dette for å få betre oversikt over kven som skal få utdelt nåler på framtidige årsmøte.
SAK 6: Rekneskap
Rekneskapen blei godkjend med desse merknadane:
Uteståande pengar for medlemsskap må innkrevjast!
SAK 7: Ansvarsfritak frå styre
Det gamle styret er med dette friteke frå ansvar.
SAK 8: Dubleringsmaskin
Skal Førde BK kjøpe ny dubleringsmaskin, må klubben få mest mogeleg støtte i form av kapital frå Sogn og Fjordane Bridgekrins.
Eit slikt innkjøp vil gå utover eigenkapitalen til klubben
Viktig å få sponsorstøtte frå næringslivet i Førde
Klubben må vere aktiv for å samle inn pengar til eit slikt innkjøp
Konklusjon: Klubben må handle inn ny dubleringsmaskin. Årsmøte gav styret fullmakt til dette innkjøpet.
SAK 9: Innkomne forslag
Ingen saker blei meldt inn til årsmøte
SAK 10: Val av styre, valnemnd og revisor
Leiar i Førde BK – Åsbjørn Hegrenes (1 år)
Styremedlem – Sjur Wie (1 år)
Styremedlem – Dagfinn Vik (2 år)
Styremedlem – Edvard Tonning (ikkje på val)
Styremedlem – Jens Sagevik (ikkje på val)
Styret vil konstituere seg på første styremøte
Revisor: Per Christian Gjerde
Valnemnd: Arild Hoff og Geir Hoff
SAK 11: Ymse
Sommarspeling
Årsmøtevedtak frå 2009 seier at vi skal spele klubbkveldane frå kl. 19.00 – 23.00 i sommarhalvåret (mai – august) Dette tidspunktet vil vi halde fram med.
Førde BK bør ha ein turneringsleiar. Korleis løyse dette problemet?
Forslag: Nytte ”scape” – skape ein turneringsleiarbase for regionen/landet.
Turneringsleiarkurs? Vil nokon frå Førde BK delta?
Styret bør ta opp dette med Sogn og Fjordane Bridgekrins og Norges Bridgeforbund.
Korleis få fleire spelarar på dei ulike turneringane?
Medlemmar som spelar aktivt i Førde BK blir oppfordra til å skaffe seg makkerar frå andre klubbar. Dette for å få fleire spelarar i turneringane.
Få sponsormidlar til å auke premiepotten i turneringane, ved fullteikna turneringar
Prøve å lage kreative innbydingar. Legge ved gode tilbod om overnatting o.l.
Rekruttering må prioriterast
Dei som er interesserte må høyrast.
”Fag og fjas” – Toril Anita Espe og Jonill Storøy er instruktørar
Årsmøte slutt: kl. 15.53
Signering av Årsmøteprotokoll:
Terje Førde Artur Hoff Rune Sande -referent-