Claim?

D 7 3
E K 5 4
D
E 10 7 5 2

Dette var mine kort, og  eg var grisegodt fornøgd med meldingsforløpet:

Arild Jonill
1 kl (16+) 2 kløver (8+ og minst 5 kløver)
3 hjerter (minisplinter) 4 ruter (cue)
4 spar (cue) 4 NT
5 kløver (0 eller 3 ess) 5 ruter (spørsmål om kløver dame)
5 spar (jepp og spar konge) 5 NT (har du meir)
6 ruter (ruter konge) 7 NT (3+2+3+5=13)

Før utspelet mumla eg at dersom makker har meldt rett kan eg claime 13 stikk... Arild vrei seg som ein ål og stønna høgt. Dette betyr sjølvsagt ingenting, for han ville gjort det same uansett... Utspelet var ein spar og bordet kom ned med dette:

E K kn 4
3
E K kn 2
K kn 8 3

Eg er for så vidt enig i at han melder av dama med den fjerde kløveren, men no var det min tur til å vri meg som ein ål. Etter mykje sukking og stønning og fire sparstikk, fire ruterstikk og eit hjerterstikk måtte eg spele ein kløver. Dama sat singel heile tida, så eg sleit meg heilt ut til inga nytte... Nesten alle i salen meldte 7 NT. Slett ikkje dårleg.