Dårleg stemning...

...eller ikkje gje opp.

Ein av dei siste kampane i monrad lag var noko av det verste eg har vore med på. Det starta med dette spelet:

Rundenr 11   ª 932  
Spillnr 73(17)   © JT854  
Giver: Nord   ¨ 32  
Sone: Ingen   § AT2  
  ª Q8   ª AKJT5
  © Q   © K76
  ¨ AQT75   ¨ 64
  § KQJ73   § 854
    ª 764  
    © A932  
    ¨ KJ98  
    § 96

 

 

 

 

 

 

 

 

Øst var i 3 NT og Arild starta med ein liten hjerter. No er det beit i kontrakta fordi det normale (og det som er med oddsen) er å spele kløver etter sparstikka. Hvis syd har esset er hjerteren beskytta. Hvis ein skal spele på ruteren må ein ta dobbelkappen, og risikere at feil person kjem inn to gonger. Utan at eg er nokon ekspert på slikt vil eg tru at å spele kløver gir 50% sjanse for å vinne kontrakta, medan dobbelkappen i ruter er 25%. Øst kunne sin abc og spelte kløver, men dessverre hadde Arild kasta ein hjerter slik at når speleførar låg unna med kongen ein gong, blei det ni stikk likevel.

Neste spel blei verre:

Rundenr 11   ª 8532  
Spillnr 74(18)   © A97652  
Giver: Øst   ¨ A  
Sone: Nord-Syd   § J9  
  ª AJT7   ª K6
  © KJ   © QT43
  ¨ 832   ¨ J754
  § AQ54   § KT6
    ª Q94  
    © 8  
    ¨ KQT96  
    § 8732

Vest opna med 1 NT og eg fant det for godt å gå inn med yeslek - 2 ruter. Arild prøvde å redde stumpane ved å passe 2 ruter (går maks 500, og kan fort få sju stikk også), men eg ignorerte redningsaksjonen og valgte å gå 1100 i to hjerter.

Dette spelet har eg fortrengt, men vi gjekk i allefall to beit i 3 NT:

Rundenr 11   ª AQ  
Spillnr 75(19)   © JT8  
Giver: Syd   ¨ K62  
Sone: Øst-Vest   § A6542  
  ª KJT95   ª 74
  © AQ97   © 6543
  ¨ T54   ¨ Q7
  § K   § JT873
    ª 8632  
    © K2  
    ¨ AJ983  
    § Q9

 

 

 

 

 

 

 

 

Så hamna motparten i 4 spar, og det kjem vel ikkje som noko overrasking at vi bomma utspelet?

Rundenr 11   ª 65  
Spillnr 76(20)   © A75  
Giver: Vest   ¨ AQJT754  
Sone: Alle   § 5  
  ª K984   ª AJT73
  © KT62   © Q98
  ¨ 86   ¨ K
  § A94   § KT32
    ª Q2  
    © J43  
    ¨ 932  
    § QJ876

Kløverdame ut gjorde at speleførar ikkje hadde fleire problem i den fargen. Endå har han ein mogleg tapar i spar, to i hjerter og ein i ruter, men som øst sa: Han sat med godfølelsen og tok difor dei rette valga. Ti stikk.

Dei hadde heller ikkje nokon problem med å få heim 4 hjerter her:

Rundenr 11   ª QT53  
Spillnr 77(21)   © 6  
Giver: Nord   ¨ QT7  
Sone: Nord-Syd   § AKJ72  
  ª 9862   ª A7
  © AT8543   © KJ92
  ¨ 852   ¨ A94
  §   § Q543
    ª KJ4  
    © Q7  
    ¨ KJ63  
    § T986

 

 

 

 

 

 

 

 

Fem av sju spel var overstått, og eg rekna ikkje med vi kom til å få nokon VP i denne kampen. Så kom dette gladspelet (for oss):

Rundenr 11   ª KQT9  
Spillnr 72(16)   © 5  
Giver: Vest   ¨ 98753  
Sone: Øst-Vest   § J72  
  ª 52   ª J
  © AK4   © QJT983
  ¨ T64   ¨ AKQ
  § AQT98   § K65
    ª A87643  
    © 762  
    ¨ J2  
    § 43

Vest hadde meldt 3 NT og øst meldte 4 NT som vest oppfatta som kvantitativt (eg er enig med han). Han hoppa difor til 6 NT og Arild starta med spar ess og ny spar. Tre beit. Dersom han startar med liten spar blir det fem beit, men vi var godt fornøgde likevel :)

Siste spelet i kampen var dette:

Rundenr 11   ª T93  
Spillnr 71(15)   © K4  
Giver: Syd   ¨ Q9876  
Sone: Nord-Syd   § AQ4  
  ª KQJ762   ª 8
  © T   © AJ832
  ¨ AKJT   ¨ 532
  § 98   § K753
    ª A54  
    © Q9765  
    ¨ 4  
    § JT62

 

 

 

 

 

 

 

 

Vest var i 4 spar, og eg starta noko uheldig med liten spar. Arild stakk med esset og skifta ruter. Vest var truleg noko skipla etter blackwoodkollapsen i forrige spel, for han tok kappen. Ruter til steling, kløver til esset og ruter til steling ga to beit. Hvis han går opp på esset og tek ut trumfen før han prøver kappen blir det ti stikk - ein spartapar, ein rutertapar og ein kløvertapar.

Eg antok at desse to siste spela hadde redda i allefall strøpoeng i kampen, men hadde fortsatt ei veldig mørk sky over hovudet når vi gjekk for å samanlikne scorane med Geir og Øystein.

I første spelet der vi slapp heim 3 NT med ni stikk hadde Øystein og Geir fått 12. To imp til oss.

I spel nr. to der eg gjekk 1100 hadde dei også eit dårleg resultat: 11 stikk i 1 NT. Masse imps til motstandarane.

Der vi gjekk to beit i 3 NT hadde Øystein og Geir fått tak i ei beit. Eitt fattig imp til motparten.

Eg var svært gretten over at motstandarane hadde fått ti stikk i spar mot oss, men Geir og Øystein hadde fått 11 så vi vant endå eit imp.

I spelet der dei fekk heim 4 hjerter mot oss, hadde dei prøvd seg i 3 NT vår veg på andre bordet. Det kosta 400 og eit imp tilbake til motparten.

Øystein og Geir hadde klokeleg meldt 6 hjerter på slemspelet (det står), men nord-syd tok stampen i 6 spar og gjekk 800: 1100 til oss og vi var ovenpå.

I siste spelet hadde dei meldt 3 NT med ni stikk, medan vi hadde 100 inn mot 4 spar.

Når røyken hadde lagt seg hadde vi vunne 19-11 og eg er framleis overraska :)