Dialekt

 

To av våre klubbkameratar var ikkje heilt enige om eit spel (eller tre, kanskje?), og det ga dei ganske høglytt uttrykk for i pausen utanfor Håkons hall på Lillehammer. Ein eldre kar sto og høyrde lenge og interessert på meiningsutvekslinga (les: krangelen), før han gjekk bort og stilte seg opp midt mellom dei og spurte: - Hvilken del av vestlandet kommer dere fra?