Påskeegg frå september

Stakkars Jens fekk gjennomgå mykje på Førdeturneringa når han var vitne til mine eminente speleføringar (eg MÅ finne ein ny hobby!), men på første bordet var det han som skremte meg: Vi hadde hamna i 4 spar etter meldingforløpet 1 spar - 4 spar og Antix spelte ut eit kort. Eg la stolt ned femkortsstøtte i trumf og litt til. Stikk ein og to gjekk fint, men så kom det frå Jens:
- Upps, eg trudde eg var i 3 NT. 
- Ein må ha gode nerver for å spele med Jens, sa eg.
- Jens må ha gode nerver for å spele med seg sjølv, meinte Antix.

EIN gong sendte eg Jens for å hente kort. Det var på begynnelsen av runda, så eg rekna med at uansett kva mappe han tok, ville det gå bra. Det gjorde det ikkje, han henta spela frå forrige runde.

Antix hadde fått høyre om eit spel:
Motparten var komne i 6 NT, lykkeleg uvitande om at dei mangla eit par ess. For at den kontrakta skal stå må syd spele ut kløver ess og makkeren hans må ha singel kløver (og den må vere liten), slik at han ikkje får lagt lavintal til spar. Det ordna seg sjølvsagt.

http://kommentar.fordebridgeklubb.com/#comments3