Ein vanleg situasjon

Denne situasjonen her er eg veldig usikker på:

Vest Nord Øst Syd
1 ruter 1 hjerter 2 kløver X

Alt er naturleg. Kva syner doblinga? Er det straff? Syner det spar? Kor mange? Eller noko heilt anna?

Blir det noko anna om meldingane går slik:

Vest Nord Øst Syd
Pass 1 ruter 1 hjerter 2 kløver
X      

(Eg meiner nei, for i ein normal verden skal uansett ikkje doblaren kunne vere så forferdeleg sterk dersom dei andre har for meldingane sine....

Øystein Vasset:

Geir A og eg har avtale om å bruke det som topphonnør, minst dame, i makker sin innmeldingsfarge (Rosenkranz dobling). Det har same meining i begge posisjonane. Melding av 2 i fargen vert dermed utan honnør. Kan også bruke Rosenkranz XX dersom det går 1ru - 1hj - x, å vil xx vise honnør i hj.

 
Kenneth Skov:

Klart avtalespørsmål, så hvis eg spelar med ein nokelunde oppegåande makker så ville eg tatt det som at det viste 5-6 kort i umeldt farge og
tilpass til innmeldingsfargen. Denne konvensjonen heter snapdragon double (ein finn info om denne på www). Dersom en mot formodning skulle
sitte med ei hand der en vil straffe motparten så får en passe første gang.

Trond Are Nitter:

Etter mi meining viser det 4-5 sp og dobbel hj, og nok til å kjempa om kontrakt.
Oftere 5sp etter pass i åpn.

Stig Øvrebø:

Eg og makkeren min brukte  X  i denne posisjonen til å vise at ein hadde honnør minst andre i makkers farge. Seier ingen ting om styrke. Ofte nyttig når makker skal spele ut å vite kvar honnørane er. Enkel høyning i makkers farge viser støtte, men ingen honnør.

Geir Hoff:

Ville tatt begge for minst 3 korts hj + spar, den første d er nok sterkare enn den andre, dobbling nr 2 er (7) 8-10. Den første kan vere opp mot 13. Er jo ikkje berre poeng her då, kan jo vere fordeling.
Er iallefall ingen straff, og må tole 2 hj! Begge viser ei betre hand enn 2 hj direkte!? :)