Eit helsikas utspel
Av Gunnar Kjørvik

 

TopBridge på internett ein sein fredagskveld:

Eg sat aust med følgjande kort:

5 4 3 2
8 4 3
Kn 4
K D 8 5 

Og såg følgjande meldingsforløp:

Vest (makker)

Nord (MTH)

Øst (eg)

Syd (MTV)

 

Pass

Pass

5 ruter

Pass

6 hjerter!

Pass

Pass

Pass

 

 

 


Hadde MTH klikka feil og skulle meldt 6 ruter? Han hadde no starta med pass!! Det var seint på fredagskvelden, og kanskje hadde han teke for mykje tran? Eg satsa til slutt på at han har meldt rett, men kanskje hadde teke noko styrkande.


Eg sat og vurderte utspelet. Ein spar ut er sikkert fornuftig, men kanskje er det akkurat det speleførar har kalkulert med.  Vel, det skulle han ikkje få! Hjerter ut vil kanskje gje spelefører den nødvendige kappen han kanskje ikkje kan klare uten hjelp! Ruter ut kan gje speleførar eit par kjappe avkast! Liten kløver blir berre flaut dersom speleførar har E kn. Veldig fornøgd med resonnementet spelte eg ut kløver konge!


Bordet dukka opp med:


D kn 8 7 6
2
E D 10 9 7 6 3


Speleførar måtte sikkert kaste eit blikk på kalenderen for å sjekke om det var julafta. Han stal med einaste trumfen, kasta spar konge på ruter ess, tok ut trumfen og gav meg stikk for kløver dama og claima 12 stikk!!


Her er alle karta:

 

K
E K D 9 7 6
-
E kn 10 7 6 4

 

E 10 9
kn 10 5
K 8 5 2
9 3 2

 

5 4 3 2
8 4 3
Kn 4
K D 8 5 

 

D kn 8 7 6
2
E D 10 9 7 6 3

 


Ein spar ut gjev to beit, hjerter eller ruter ut gjev ei beit.


Det er i slike tilfelle det er ok å spele på TopBridge. Makker veit ikkje kven han spelar med før dagen etter, og då kan det hende han ikkje gidde sjekke spela, ellers er det alltid ein stor sjanse for at den verste irritasjonen har gått over til medynk over for alle dustane som prøver seg på bridge.