Feil igjen?

 

Ukjent makker som du spelar naturleg med. Motspelarane er fullare enn deg.

 

D 10 8 5
E K 3
K D 5 2
E 10

 

Vest

Nord

Øst

Syd (du)

 

 

 

1 ruter

1 spar

X (negativ)

1 NT

X

Pass

2 hjerter

Pass

???

 

Kva melder du?

 

Fleire har påpeikt at eg har gløymt å opplyse om kor full makker var og at det er eit viktig moment her. Sorry – han var ikkje full.

 

Arnt Ola seier:

 

Vel, spørsmålet er om eg skal melde 3 eller 4 h.... hm.. trur eg lander på 3hj.... vanskelig å vite kva krav makkeren min vil stille si eige hand for å akseptere invitten, men, men. 

Forhåpentligvis vil han ikkje vere fullare enn at han/ho finn ruteresset som eit kurant tillegg dersom han eller ho har den.
 
Terje:
 
Jeg ville meldt 2 spar.
 
Sveinung:
 

Dette høres ikke ut som det er det mest seriøse selskapet og dersom de 3 andre rundt bordet er fullare enn deg, så er dettte enkelt. Du stoler på at makker har minst 6 poeng for negativ dobling og så ignorerer du alt annet og melder 3 nt. 3 grænsj ordner seg alltid for snille gutter og jenter.

 

Leiv Jørgen:

 

Hvis makker si dobling er negativ med hjerter og sannsynlegvis kløver så skulle vi vel begynne å lukte på ein utgang med dine stålkort. I mitt system viser no 2 hj +11 hp og min 5 hjerter, så då er det på sin plass med ei kravmelding (slem i sikte?)  Før svar kan gjevast sit eg att med eitt spørsmål:  Kor full var makker din?

 

For å avklare kva makker syner: Han har mindre enn 10 poeng og minst 5 korts hjerter. 
 
Eg såg fanden på flatmark i dette spelet, og tenkte at med dobbel spar i øst (eller singel i verste fall), ville det komme to gonger spar ut og spar til steling. Då må makker ha både hjerter dame, ruter ess og truleg kløver konge for at dette skal være noko business i 4 hjerter. Dermed passa eg, og det kosta sigeren (kveldsturnering på org. Dagar på Gardermoen).
 
Slik var heile spelet:
 
 
2
D 10 9 8 7
kn 4 3
K 9 6 5
 
E K kn 9 6
kn 2
10 9 8
D 4 3
 
7 4 3
6 5 4
A 7 6
kn 8 7 2
 

D 10 8 5
E K 3
K D 5 2
E 10

 
 
 
Svinepelsen i øst var godt fornøgd med meldinga si. Han tenkte at han måtte forte seg å melde grand før eg gjorde det, og det var jo riktig tenkt L Eg blei mykje gretten når eg såg at han hadde tre korts spar og makker snella heim 11 stikk. Fysj! Skal forresten makker løfte 3 hjerter til 4 med desse korta? Og Sveinung – det ser ut som du har rett. 3 NT ordnar seg heilt sikkert, men meir enn ti stikk blir vel tungt å få tak i.