Fingerspråk

P-C lurte på om opninga var på fire eller femkort, og motspelaren til høgre for meg viste fram fingrane som svar. Han heldt handa på ein sånn måte at eg ikkje såg kor mange fingrar han hadde oppe, og sidan eg også var ein smule interessert sa eg at eg ikkje hadde sett om tommelen var med. - Eg har berre fire fingrar, sa motspelaren, og eg er heilt sikker på at eg rødma frå topp til tå... Det tok ei god stund før han informerte om at han berre spøkte.