For enkelt?

Dette spelet ser latterleg enkelt ut:

  K 3 2
K D kn 7
9 7 3
D 6 4
 
 

 
 
  8
E 6 4
D 10 5
E K 9 7 5 3
 

Motparten har støtta kvarandre i spar, og du har blitt speleførar i 3 kløver. Utspelet er spar dame som står. Ny spar stel du. Kor mange stikk reknar du med å få? Kva er poenget med spelet??? Eg beklager hvis eg fornærmer nokon no, men eg tok ein sjekk på kva som skjedde med dei som var i kløverkontrakt i dette spelet frå BBO, og minst halvparten gjekk glipp av poenget!

Svaret kjem litt lenger nede....

?

?

?

?

?

 

  K 3 2
K D kn 7
9 7 3
D 6 4
 
D kn 6 5
10 9 8 5
E kn 8 6 2
-


 
E 10 9 7 4
3 2
K 4
kn 10 8 2
  8
E 6 4
D 10 5
E K 9 7 5 3
 

Så sant du får seks kløverstikk har du saman med fire hjerterstikk, ti stikk. Faren? 4-0 sits i trumf. Dersom vest har fire trumf er det ingenting du kan gjere. Dersom øst har fire trumf er det ingenting som kan hindre deg i seks kløverstikk (untatt 6-0 sits i hjerter). Med ein farge som ser slik ut, skal du IKKJE legge ned ein honnør der du har to honnørar. Gjer du det, får øst eit trumfstikk. Spel kløver til dama og klapp deg sjølv på skuldra når vest kastar ein ruter.

Edvard og Eirik fekk toppen på spelet, dei kom i 3 NT på nord si hand og utspelet var ein liten kløver. Då var det 10 enkle stikk. Geirane hamna i 4 hjerter, som er ei fin kontrakt hvis enten kløveren eller hjerteren sit litt finare. Slik det er no, måtte Geir ta ut trumfen i fire runder, og når vest kasta ein ruter på andre kløveren gjekk rullegardina ned.