Eg trudde eg visste kor spelelokalet var i Ålesund, men etter at vi var begynt å køyre synte det seg at det ikkje var på same staden som sist jubileum, så eg ringte til Antix. Han hadde ikkje adressa, men sa at det var i Larsgården, så dette la P-C inn på GPS'en. Medan eg prøvde å få instruksjonar av Antix jabba dei fire andre i bilen verre enn den verste syklubb og i tillegg prata gps-dama over seg. Til slutt ba eg alle halde kjeft slik at eg kunne høyre kva Antix sa. Det blei stille i bilen og for ikkje å irritere meg meir slo dei av gps'en også. Så køyrde vi feil og måtte snu.... Det synte seg at gps'en hadde hatt rett heile tida. På veg tilbake var dei ein eller som anna som mumla: - Vi slo av feil kvinnfolk!