I form

Arild bytta ut kaffien med eit glas vatn og det ga store utslag i neste runde. I første spelet gjekk meldingane slik:

Vest Nord (Arild) Øst Syd
      Pass
3 kløver X Pass 3 ruter
Pass 4 spar Pass rundt  

Utspelet er kløver 6. Du har to mulige hjertertapere og forhåpentlegvis ikkje meir enn ein spartapar, så kontrakta kjem nok til å fyke heim. Ser du nokon sjanse til å få det etterlengta overstikket sjølv om hjerteren ikkje sit 3-3?

Syd giver
N/S i sona

 

E K kn 9 7 3
E 5 4 3
7
E



8 6
K 8 6
E kn 10 9 4 3
8 4

Arild brukte to sekunder på å finne ut av det: Hvis spardama sit tredje i lag med firekorts hjerter (eller femkorts for den del). Ikkje usannsynleg etter 3 kløver-opninga. Her er heile spelet:

Syd giver
N/S i sona

 

E K kn 9 7 3
E 5 4 3
7
E
2
9 2
D 8 6 5
K D 10 9 5 2
D 10 5
D kn 10 7
K 2
kn 7 6 3
8 6
K 8 6
E kn 10 9 4 3
8 4

Han stakk utspelet med esset og spelte spar ess. Deretter hjerter til kongen og hjerter til esset (viktig å spele i denne rekkefølga for å hindre at ein honnør blir stelt. Ny hjerter putta øst inn, og ho har valget mellom pest eller kolera. Ho kan spele spar for å sikre seg eit hjerterstikk, men gir då vekk sparstikket. Spelar ho noko anna, får Arild trumfa hjerteren og gir berre vekk eit sparstikk til dama. Meget pen speleføring som blei belønna med 12 pluss. (Det er alltid nokon som kastar frå seg hjerterfargen, eller finn på å spele ut ruter konge.)