IKKJE IRRITER DEG PÅ MAKKER

 

Dette er eit eldgamalt råd som er så vanskeleg for nokre av oss å etterleve. I KM-lag, med 7 spel i halvrunda, fekk eg to dyre påminningar om at dette er ein godt råd.

 

I den første påminninga sit du med EKx - Ekn-Ex-KD108xx og opnar med 2 kløver. Makker melder  2 ruter, som er avslag eller ei positiv hand som er vanskeleg å melde. Du ser at med litt tilpass er det mange stikk i kløver så du tek sats og melder 3 kløver, som er krav med kløverfarge. Nytt avslag frå makker (3 ruter) så du vel å avslutte med 3 NT. Ei lite velkommen kjensle av irritasjon brer seg i magen då makker legg 6 NT  på bordet, har han ikkje noko å vise på vegen? Kan det stå 7 kløver? Nei sjølvsagt ikkje, for då hadde makker meldt 4 kløver, så du passar.

 

Vest

Eg

Øst

Syd

 

2 kløver

Pass

2 ruter

Pass

3 kløver

Pass

3 ruter

Pass

3 NT

Pass

6 NT

Pass

Pass

Pass

 

 

 

 

A K X

Ekn

E x

KD108xx

 

 

 

 

 x x x

K x

K1098xx

E x

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Den ubehaglege kjensla i magen aukar då makker legg ned korta. Ser han ikkje at minorslem, der både 7 kløver og 7 ruter kan vera aktuelle kontraktar, skal meldast i lag?  Du klarar med eit nødskrik å la vera å komme med ein sur kommentar, men då det viser seg at kløveren sat slik at det er ein kløvertapar kjem dei eit surt oppstøt om kor heldige vi var som meldte så dårleg. Du prøver å gni det skikkeleg inn med ord og i farten gløymer du sjølvsagt å telje stikk. Du gir vekk eit kløverstikk og oppdagar plutseleg at du har berre 11 stikk. Dessverre var det ikkje fem spar og tre ruter på same handa, så du måtte notere ein beit. Heldigvis var det ingen som kommenterte vekkspelinga, så du tok raskt opp korta til neste spel. Såg dei det ikkje eller var dei berre høflege?

 

Nokre spel seinare får du utlevert (hugsar ikkje alle korta/meldingane men poenget er det viktige) EK1098, xx, Kxx, xxx.. Meldingane går (motstandarane melder presisjon)

 

Vest

Makker

Øst

DU

 1 kl

Pass

1 ruter

1 sp

Pass

2 sp

Pass

3 sp

4 Hj

Pass

Pass

Pass

Spar ut til esset, og bordet dukkar opp med xxx, xx, D10xxxx, Dx. Du tek og for spar konge, makker har tre spar. Kva no? Sju kort hjarter hjå speleførar er mulig, men kva skal til for å få ei beit? Du vrir kløver og speleførar går opp på esset og makker legger styrke. Har speleførar to ruter har vi alltid beit no. Speleførar pressar på med hjarter, men dette kan vel ikkje vera noko å tenkje på makker eller kva? Du må ha eit frikort etter at du kjem inn på kløver kongen, enten den siste sparen din eller ein kløver, rutene dine har du ikkje bruk for no, det forstår du vel!!!! Speleførar pressar på med hjarter, du viser kor mange kløver du hadde for at dette skal vera lett for makker. Makker kastar kløver, men ingen ruter, ubehaget i magen kjem tilbake., kvifor held du på rutene dine makker. Irritasjonen aukar i takt med at makker ikkje sakar ruter, ser du ikkje at du blir innspelt? Heldigvis har du ikkje kasta sparen din endå, men irritasjonen i magen minkar ikkje. Med fire kort att er situasjonen:

 

D

-

kn x

K

 

x

E x

X

 

 

D 10 x

D

 

 10

K x x

 

 

 

 

 

 

 

Den siste hjarteren ligg i bordet og makker kastar ….. spar dame, irritasjonen veks til ukjente høgder og du greier ikkje å la nokre sure gloser gå utover makker slik at speleførar ikkje kan gjera feil når makker spelar liten ruter. Hadde eg ikkje lete irritasjonen teke overhand måtte vel speleførar gjort feil i ruter, for makker må vel ha ruterkongen, eller kva?

Så moralen er: Konsentrer deg om deg sjølv ved bridgebordet, ikkje la det gå utover makker at du sjølv ikkje er god nok.