Melder du inn?

 

Odd Egil Nygård hadde dette problemet til ekspertane våre:

 

Vest

Nord

Øst

Syd (du)

 

 

1 NT (15-17)

?

 

Her er korta dine:

 

kn 10 7 5 3 2
D 7 2
K kn
K D

 

Det er lagkamp, alle i sona, og du har ingen avtalar om forsvarsmeldingar.

 

Her er svara frå ekspertane:

 

Per-Christian:

Passar i første omgang, sikkert ok å spele mot 1nt.. melder inn 2 sp dersom det ser ut til at dei skal komme i fargekontrakt og eg får sjansen..

Kenneth:

Eg er ei enkel sjel og melder 2 spar.

 

Terje:

Pass.


Haldor:

Dersom eg får scoren på mi side ved å melde inn 2 spar her, er det sikkert eit festmåltid å spele i mot 1 NT. Slik eg ser det er det nesten ingen ting å vinne, men svært mykje å tape på å melde seg på.

Mi melding blir pass.

 

Jørund:

Eg melder PASS! Sparfargen er ikkje toppsterk nok, dessutan er det lite toppverdiar. Ved innmelding 2 sp kan ein vinne ein dobbelscore i kanskje 50% av tilfella, men dei gongene ein blir tekne 
og må betale ut 500-800 er så dyre at det ikkje er verdt å melde inn. Dessutan har handa bra motspelsverdiar, difor er sjansane for å beite evt. utgang hos motparden ganske store. Det er ikkje 
innmelding i slike spel ein avgjer lagkampar på!
 

Slik var heile spelet:

 

 

E K 4
kn 10 6 3
E 10 9 2
9 3

 

8 6
9 5
7 6 5 4 3
kn 10 8 7

 

D 9

E K 8 4
D 8
E 6 5 4 2

 

kn 10 7 5 3 2
D 7 2
K kn
K D

 

 

Dei som meldte inn 2 spar var nok to sekunder seinare plassert i 4 spar av makker. Dersom øst-vest fann hjerterstelinga var ikkje det noko fest (og i følge spelestensilane gjorde dei det!). Med andre ord ville dei som følgte rådet frå fleirtalet av ekspertane våre komme ut med pluss-score på spelet!