Kva melder du?
Du er i ugunstig sone og
meldingane går slik:
Vest |
Nord |
Øst |
Syd (du) |
3 ruter |
4 ruter |
5 ruter |
X |
Pass |
5 hjerter |
Pass |
??? |
Her er korta dine:
K D 4 2
4 2
K D kn 4
10 5 3
Arild
Hoff:
5 spar.
Toril
Espe:
Ville ha meldt 5 spar første gongen i staden for å doble. Problem solved.
Per-Christian
Gjerde:
Eg melder 5 spar.. Ruteren er til liten hjelp for makker, og eg tviler
på om det eg har i spar er nok til at det kan stå noko meir..
Odd Egil Nygård:
Slik makker har
meldt kan ikkje eg skjønne anna enn at 6 spar er nedlegg. Med ruter ess ut får
du alle 13.
Geir
Hjelmeland:
Reknar med 4 ruter viser begge major (dersom makker har hjerter og
kløver melder han 3 hjerter over 3 ruter).
Trur 6 spar står, men problemet er viss makker kxx eller kx i kløver. Hadde meldt 6 spar, kanskje meldt 6 ruter først for å sjå om makker tar hintet og melder 6 spar. Reknar med ruter ess ut og røff i bordet J.
Odd Egil og Geir har sjølvsagt heilt rett. Det
blir 13 stikk med ruter ess ut. Eg må seie eg er ein smule fortvila over alle
som vil melde berre 5 spar. Vi er vel samde om at makker må vere blakk i ruter?
Det betyr at du heilt sikkert har nokon. Dersom makker var pressa over 3 ruter
og meldte inn 4 ruter med 12 slitne poeng og 5-5 i major hadde han vel glad og
fornøgd passa 5 ruter dobla? No har han heilt frivillig plassert seg sjølv på 5-trinnet
i ugunstig sone, etter at du kun har lovd nokre ruter. Er ikkje handa di blitt
ganske god no?
Makker si hand var:
E 9 5 4 2
E K D kn 9 7 5
-
8
Hvis han skal løfte no,
blir det rein bingo. Du kan like godt ha tre små spar som konge-dame fjerde, og
då blir 6 spar ganske tungspelt…