Kva syner doblinga?

Korta dine:

K 9 8 6 4
E K 10 8
4
K 9 5

Meldingane går slik:

Vest Nord Øst Syd (du)
Pass Pass Pass 1 spar
Pass Pass X Pass
2 ruter X Pass ???

Kva syner makker si dobling av 2 ruter? jonill@hotmail.com

Antix:

Er ikkje dette opplagt? Hjerter sjølvsagt. Uansett må i alle fall du melde 2 hjerter.
Jonill: - Har ikkje han som sit til høgre for deg meldt hjerter med doblinga si?
Antix: - Mulig det, men berre fire i så fall. Eg hadde likevel meldt 2 hjerter.

Arve Gravdal:

Dette er informasjonen makkerskapet har utvekslet så langt i meldingsforløpet: 
 
Nord har passet i åpning
Nord har passet makkers sparåpning
Syd har passet balanseringen og viser ikke sterke kort.
 
Dersom Nord nå har kort til å beite 2 ruter er det overveidende sannsynlig at motparten har en farge å rømme i og Nord må dermed passe for å håpe på å få en score i riktig kolonne.  Doblingen må derfor være take out.

Jonill: - Kva farge? Kva fordeling har han?

Arve: - Antakelig mottakelig i alle farger unntatt ruter, for eksempel, 2-4-3-4 eller 2-4-2-5, ville være rart om han har bare en spar. Og følgelig melder eg 2 hjerter :).

Lisbeth Glærum:

Straff.

Leif Kvamsdal:

1. Makker har ikkje kort til å halde meldingen open, så 6 (7) hp er maks.

2. Då motparten viser hjerter ved doblinga si, kan dette ikkje vera ei form for å syne 4-kort hjarter og to kort spar. Då er det berre eit alternativ att: makker har brukbar 5-kort ruter med 6 (7) poeng og meinar dette som straff. Eg hadde nok vore nøgd med å la motparten spele 2 ruter udobla etter eit slikt meldingsforløp. Kvifor sette makker under press den gongen han ikkje har ess/kongar?

Geir Hjelmeland:

Dobling syner 2-4-2-5 fordeling.

Geir Hoff:

Kva nord driv med her er ikkje lett å sei:) han melde ikkje 1nt, men kan doble 2 ruter? Han kan ikkje vise dei to umeldte når ø viser 4hj!? Nord må ha 3sp, og feks dobbel hj og 5kort ruter 6-9 hp (meir 5-8). Eg ville tolka det dit hen at han gir beskjed til makker: Eg kan spille imot 2ruter d, men har du en minimumsopning ta ut i 2 sp!? Om N ikkje toler 2 sp har han meldt dårlig etter mi meining!

Aner vi at dei to Geirane må ta seg ein liten diskusjon på kammerset?

Arild Hoff:

Straff.

Geir Angedal:

Doblinga er straff. Makker har sikkert 6-9 hp og 6 ru, 4 kl, 1 sp og 2 hj.

Øystein:

Eg ville tatt det som straff. Motparten har vist umeldte fargar med gjenopninga, kvifor melde deira? Makker må ha ei svak hand når han ikkje kan melde 1 NT først - og kva er poenget med å ta ut i motparten sine fargar?

P-C:

Hmm. Kan vanskeleg sjå for meg at makker skal ha til å straffe 2 ru no...Hvis han sit med lang ruter passar han vel og håper dei ender i den kontrakten? Konklusjonen då må vere at han har maks av passen, sannsynligvis 4-korts hjerter og dobbel sp slik at han tåler 2sp... Eller?? Eg melder 2hj! Tilleggskommentar: Eg ville aldri dobla i den possen uansett kva eg hadde.

Og der dukka det opp endå eit makkerpar som må diskutere, for eg meinar det er straff  :)

Så kjem mitt neste spørsmål: Hvis makker passar i staden for å doble, kva gjer du? Her er for ordens skuld korta og meldingsforløpet på nytt: (Ingen i sona.) jonill@hotmail.com

K 9 8 6 4
E K 10 8
4
K 9 5

Denne gongen går meldingane slik:

Vest Nord Øst Syd (du)
Pass Pass Pass 1 spar
Pass Pass X Pass
2 ruter Pass Pass ???


Antix:

Eg hadde meldt pass… makker hadde dobla hadde han villa eg skulle melde;)

P-C:

Det er ikkje presisert om motpartens dobling viser hjerter, det er ikkje alle som bruker det no til dags.. Dersom doblinga viser hjerter er det ein klar pass.. Dersom den ikkje viser hjerter, men kun oppunder opning kan vel 2 hj vere tilgjeveleg utanfor sona.. Å doble opp igjen her er ikkje aktuelt for meg med den handa, då vil eg ha minst eit par-tre poeng til..

Jonill:

I mitt hovud viser øst si dobling hjerter dei FLESTE gongane, men det er vel ingen som har i systemet at uten firekorts hjerter må ein ALLTID passe i balanseringspossen? I så fall får dei lite poeng. Ein annan ting er at dette er eit spørsmål ein aldri får svar på. Hvis du no spør vest om øst si dobling syner hjerter har du meldt den fargen på ein måte som gjer at makker kan bli pålagt utspelsstraff og det som verre er :). Eg trur nok ein våken makker vil skjønne teikninga sjølv om du spør: - Viser øst si dobling noko spesielt? Så du kan rett og slett ikkje spørre, og eg personleg syns at eit slikt spørsmål er ufint, for normalt er det ingen som har nokon spesielle avtalar på balanseringsdoblingane (utover at det vanlegvis syner motsatt major). Dermed kan eit spørsmål berre gjere nytte som ei opplysning til makker om kva du har, og ikkje gjere deg noko klokare.

Lisbeth Glærum:

Ho ringte, og kortversjonen er at ho ikkje skjønnar problemstillinga. Pass er opplagt :)

Arve Gravdal:

En kommentar til den første oppgaven:  I en balanseringssituasjon reduseres kravene til en opplysningsdobling.  Det innebærer at det ikke er skråsikkert at øst har 4 korts hjerter.  

Neste oppgave.  I en parturnering er jeg udispilinert og dobler for uttak selv om lærebøkene sier at en skal la motparten spille kontrakter hvor det kan være tvil om de har funnet tilpass slik som i dette tilfellet. I lag er det litt vanskeligere.  Det er en rimelig stor sjanse for at motparten har utgang i kortene (3NT) eller at de har minst 10 stikk i ruter.  Men bryr jeg meg?  Uten bakspillere er jeg redd jeg er udispilinert og dobler opplysende.