Kven sin feil var dette?

 

Her er korta dine:

 

E 8 7 6
E K 10 9 8
K D 3
8

 

Og meldingane går slik:

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

 

 

1 hjerter

Pass

2 ruter

Pass

2 spar

Pass

3 ruter

Pass

4 ruter

Pass

5 ruter

Pass

?????

 

Kva melder du over 5 ruter? Skulle syd meldt noko anna tidlegare i meldingsforløpet?

 

Du skal få nokre andre kort:

 

K 3
2
E kn 10 9 8 7 6
D 3 2

 

Vest

Nord

Øst

Syd

 

1 hjerter

Pass

2 ruter

Pass

2 spar

Pass

3 ruter

Pass

4 ruter

Pass

????

 

Kva melder du over 4 ruter? Skulle syd meldt noko anna tidlegare i meldingsforløpet?

 

Jepp! Det er same spelet og vi havarerte i 5 ruter (eg hadde den øverste handa og sa pass på 5 ruter). Kven sin feil var det?

 

Lisbeth:
Makker sin feil J (Altså han med den lange ruterfargen). Han må vel klare å hale av seg et cue bid over 4 ruter? Du har vist ganske så nøyaktig fordeling og 4 ruter viser ein viss sleminteresse, ellers melder du vel berre 5 ruter?

 

Odd Egil:

Gir 60-40 med mest skyld til spelaren med ruterlengda. Synes han har til å cue en major når han har fått aksept for ruter som trumf, det blir da lett å melde 6 ruter etter 5 kløver cue. Synes også at du blir vel pessimistisk, for makker hadde tross alt til 2 over 1, og meldingane viser vel minst 6 korts ruter. Nå må vel hjerteren la seg godspele for avkast av en taper eller to. I tillegg har du stjeleverdier i kløver, så 12 stikk må være innen rekkevidde uansett kva 10 poeng makker har utstyrt seg med. Synes meldingsforløpet var godt tilogmed 4 ruter.

 

Sveinung:

Det er hvertfall ikke min feil.... Skal du ha et kort svar så er det meldinga over 4 ruter som er feilen etter min mening. Alt for tamt med 5 ruter, som samtidig sier at det ikke skal meldes noe
mer. There you go!

 

Leif:

Kven som har feil i ulike situasjonar avheng vel av kva avtalar ein har. Sjølv ville eg meldt ulikt på begge hendene: Hos meg kan 3 ruter passast og etter revers frå makker er vel 3 kløver ok. Tenk om makker kan melde 3 ruter!!! Er jo sterk nok til å melde 4 ruter over andre svar frå makker som sleminvitt. Å lette 3 ruter til 4 ruter er heller ikkje ein favorittmelding hjå meg då den kan passast. 4 kløver er mitt opplagde val. Så kven har feil? Ja, syd gjer, etter mi bok, feil først så......., men nord hjelper ikkje makker med å rette denne feilen, så kanskje 60/40 ?

 

Jonill:

Eg må berre kommentere Leif sin kommentar J Er det ikkje litt rart at 3 ruter kan passast etter 2 over 1 og revers frå opningshanda? Eg ville tru at utgangskravet måtte vere etablert då?

 

Leif:

Det er ein grei avtale å nytte revers/bruk av fjerde farge som utgangskrav. Konsekvensen er sjølvsagt at ein kjem for høgt når ein/begge i makkerparet strekker korta. Derfor likar eg å spele med at etter to over ein og attmelding av minorfargen kan passast ved minimum og dårleg tilpass frå åpningshanda. Dette gjer at eg på ei hånd som:

 

D 3
2
E D 10 9 8 7 6
5 3 2

 

kan melde 2 ruter, så 3 ruter som makker kan passe med (sjølv om 3 NT kan stå):

 

E K x x

E K x x x

x

D x x

 

Derfor med så gode kort som i "problemet" kan eg ikkje melde tre ruter då eg kan risikere pass frå makker ved dårleg tilpass/minimum. Eg er klår over at dei fleste brukar dette berre etter 2 over ein og ikkje etter revers. Andre vel kanskje å melde 1 NT med eksempelhanda mi, men ein har vel ikkje noko god følelse når den meldinga blir avgitt.

 

Det som overraskar meg mest med svara du har fått (dei som tek tre ruter som krav) er at dei meinar 4 ruter er ei bedre melding enn 4 kløver. Ein anna ting er at i mi bok kan ikkje hånda med lang ruter kontrollmelde singel hjerter avdi det lover honnør i fargen (åpnars farge) slik at 4 sp er honnør, men benektar ikkje kontroll i hjerter.

 

Håpar dette gjev eit inntrykk over "tenkemåten" ved at 3 ruter kan passast "når det er rett". Er det feil så er det berre å skulde på makker si vurderingsevne.

 

Jonill:

Ok, men kan ikkje 4 kløver frå opningshanda (i staden for 4 ruter), rett og slett vere eit forsøk på å vise kva ein har. Kva melder du over 3 ruter med for eksempel:

 

E K 8 7
E K 10 7 8

-

E D 3 2

Trur eg ville ha betenkt meg på å opne i halles med denne handa, og korleis skal eg få vist handa over 3 ruter hvis 4 kløver skal vere cue med ruter? Virkar litt feigt å berre melde 3 NT?

 

Leif:

Sjølv med den kjempehånda du skisserer så er 3 NT fornuftig mot den hånda eg skisserte. Poenget er at når svarar ikkje kan melde 2 NT, 3 kl eller støtte ein av majorfargane så er ikkje korta så mykje å skryte av om opnar ikkje har litt i ruter.

 

Ivar L:

Hva er 4ruter? = sleminvitt. På 5ruter SKAL du passe. Makker har 100 prosent feil med 5 ruter